Tillitsvald i Fagforbundet, Ellinor Taste, seier dei tilsette veit korkje ut eller inn etter vedtaket. - Dette er heilt fortvilande. Sjølv om det er rom for omplassering av tilsette, er eg stygt redd for at det går mot oppseiingar, seier ho.
Fleire smertefulle kutt
Gaular er mellom dei kommunane i Sogn og Fjordane som har dårlegast økonomi. Politikarane måtte gjere smertefulle kutt både innan skule- og helsesektoren i fjor.
Råkar både tilsette og pasientar
Og no må kommunen ifølgje Firda igjen spare pengar. Tysdag vedtok kommunestyret å fjerne åtte av 41 sjukeheimsplassar ved Gaular bygde- og sjukeheim. Fordi mange er deltidstilsette, vil mellom 20 og 25 tilsette miste arbeidet. Men kutta råkar også pasientar, som ikkje vil få tilbod om plass, eller som vil få eit dårlegare tilbod.
Tek tid å få utført kutta
Ellinor Taste seier det uansett må gå tid før dei får gjort kutta. - Dei som er på korttidsopphald blir utskrivne når dei er friske nok, men vi kan ikkje skrive ut folk som har behov for fast sjukeheimsplass, seier ho.