NRK Meny
Normal

Bargjest drapstruga hotelltilsett og politi

Politiet brukte både peparspray og batong for å få kontroll på mannen som vart pågripen ved Scandic Sunnfjord Hotell i Førde i natt.

Scandic Sunnfjord Hotell

TRUGA TILSETTE OG POLITI: Ein mann i 30-åra vart pågripen ved Scandic Sunnfjord Hotell etter å ha oppført seg aggressivt og trugande.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Politiet fekk melding om mannen kl. 00:40, etter at han skal ha oppført seg aggressivt og ufint mot dei tilsette ved hotellet. Mannen var ikkje gjest ved hotellet, men var innom baren. Han skal ha vore svært rusa.

Han skal også ha slått til og drapstruga ein av dei tilsette ved hotellet, opplyser Vest politidistrikt.

Hotelldirektør ved Scandic Sunnfjord, Odd Erik Gullaksen, stadfestar at gjesten slo etter ein hotelltilsett.

– Vi hadde ei hending med ein gjest som var trugande mot ein av våre tilsette. Gjesten slo også etter vedkomande og trefte han så vidt, seier Gullaksen.

– Løyste det på ein god måte

Gullaksen fortel at det var to tilsette på jobb når hendinga inntrefte, og at den som var lengst unna situasjonen tilkalla politiet. Han seier dei tilsette løyste situasjonen på ein god måte.

– Først bad dei mannen om å ta det med ro. Dette aksepterte han ikkje. Medan den eine prata med mannen for å prøve å få kontroll på han, tok den andre tilsette kontakt med politiet.

Odd Erik Gullaksen

SKAL VERE TRYGT: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen er klar på at det skal vere trygt å vere gjest hos dei.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Hotelldirektøren seier at det sjølvsagt er ubehageleg for dei tilsette når nokon trugar og går til angrep på dei.

– Dette er i det heile ikkje greitt at våre tilsette vert utsette for, seier han.

Sjølv om han seier at uønskte hendingar kan skje på hotell, er Gullaksen klar på at det skal vere trygt å vere gjest hos dei.

– Våre tilsette er her for å vareta sikkerheita til både gjestane, kvarandre og hotellet, seier han.

Ein kjenning av politiet

Den arresterte mannen i 30-åra er ikkje heimehøyrande i Sogn og Fjordane, men er ein kjenning av politiet frå andre stadar i landet.

Politiet opplyser at dei brukte både peparspray og batong for å få kontroll på mannen. Under pågripinga skal han også ha kome med drapstruslar mot ein politimann.

Etter pågripinga vart mannen ført til varetekt ved lensmannskontoret i Førde, der han også skal avhøyrast i dag.

Vegopning på Bergum i Førde kommune