Hassan Samriye Hashin frå Somalia vart sikta for drapet på Hedda Karterudseter i starten av november. Han vart pågripen i Nederland for ti dagar sidan, og har blitt grundig avhøyrt av politiet.
Var på hybelen
Den drapssikta 35-åringen har vedgått å ha vore på hybelen til Hedda Karterudseter drapsnatta og å ha teke kvelartak på ho. Men han vedgår altså ikkje straffskuld for drap etter siktinga.
Fengsla i fire veker
Hashin sit no i eit fengsel i Oslo-området, sist fredag vart han varetektsfengsla for fire veker framover.
- Klienten min er sliten, men han tykkjer det er godt å ha kome til Norge. Han har samarbeidd godt med politiet og svart på alle dei spørsmåla han har fått, seier Hoff.