Hassan Samryie Hashin ringde ved fleire høve ein av kameratane sine i Sogndal. Ved eitt av desse høva gav denne kameraten telefonen vidare til kona til Hashin.
Ville ikkje hjelpe mannen
Då fortalde han det same han hadde fortalt til kameraten tidlegare: At han var i Belgia, var blakk og trengde pengar. Men etter det NRK veit, ville ikkje kona hjelpe den drapssikta mannen. Samtalane vart gjorde med Hashin sin eigen mobiltelefon, og politiet brukte ikkje lang tid på å spore desse samtalane.
Elektroniske spor
Dette skjedde for omlag to veker sidan, og mykje tyder på at politiet har vore i hælane på Hashin sidan den tid. Lensmann Olav Borlaug i Sogndal stadfesta i romjula at dei var nær ei pågriping, fordi Hashin hadde lagt att elektroniske spor både gjennom telefonsamtalar og pengeuttak i minibank.
Pågripen i helga
I helga vart altså ein mann pågripen i Nederland, og i løpet av dagen veit politiet sikkert om det er mannen dei har jakta på i over to månadar.