Etter det NRK kjenner til har den sikta fleire kontaktar i Europa. Han har budd i Frankrike i fleire år, der han og har ein nær slektning. Han har også fleire vennar i Danmark. I tillegg har den sikta 35-åringen også ei ekskone og ein son på 12 år i London. Politiet vil nok sikkert oppsøke desse stadane.
Truleg papira i orden
Det at dei har etterlyst han i utlandet kan ha fleire årsaker, mellom anna at han tidlegare i år var på ferie til heimlandet Somalia. Det betyr at somaliaren mest truleg har reisedokumenta i orden.