NRK Meny
Normal

Drapssikta hadde fleire identitetar

Den 30 år gamle sudanesaren som er sikta for trippeldrapa i Årdal skal ha operert med fleire identitetar etter at han kom til Norge.

Bussen ved Holsbruvatnet

DRAPSSIKTA: Mannen som er sikta for trippeldrap i Årdal skal ha operert med fleire identitetar, ifølgje Aftenposten.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mannen kom frå Spania til Norge i vår, og ifølgje Aftenposten skal mannen sidan då ha operert med fleire namn.

Til det sørsudanske eksilmiljøet skal han ha oppgitt eit namn, medan norsk politi og Utlendingsdirektoratet kjente mannen under ein annan identitet, skriv avisa.

Blir framstilt for varetektsfengsling i dag

30-åringen er sikta for drap etter at han væpna med kniv gjekk til angrep på bussjåføren og to andre passasjerar på Valdresekspressen i Årdal måndag kveld.

Mannen fekk sjølv kuttskadar og fekk behandling på Haukeland universitetssjukehus, før han vart overført til Sandviken psykiatriske sjukehus for behandling.

Mannen skal i dag framstillast for varetektsfengsling, der politiet vil be om at han blir fengsla for fire veker. På grunn av mannen sin helsetilstand er han torsdag morgon framleis ikkje avhøyrd av politiet.

Jobbar med å sikre identiteten

Sør-Sudan sin ambassade jobbar no med å sikre mannen sin identitet. Ambassadør Bol Wek Agoth seier til Aftenposten at dei ikkje veit sikkert om mannen verkeleg er frå Sør-Sudan.

Agoth seier det er heilt rolege forhold i Sør-Sudan, og at verken Norge eller andre land treng å gi hans landsmenn beskyttelse.

– Det er ingen grunn til å tru at han har vore soldat eller kan ha blitt traumatisert på annan måte, om våre opplysningar stemmer, seier ambassadøren til avisa.

Den trippeldrapssikta mannen fekk i sommar endeleg avslag på opphald i Norge, og skulle etter planen uttransporterast frå Norge morgonen etter drapa skjedde. Det er førebels uvisst om mannen visste om dette eller ikkje.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen