Hopp til innhold

22-åring erkjenner å ha slått drapsofferet (40)

Den sikta etter drapet i Florø har i sitt første politiavhøyr erkjent kontakt mellom han og offeret.

Drapsetterforsking i Florø

UROMELDING: Politiet fann 40-åringen livlaus då dei rykte ut til bustadhuset i Florø tysdag. No er ein 22-åring sikta for drap.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det stadfestar mannen sin forsvarar, advokat Stig Nybø overfor NRK. Advokaten påpeikar likevel at politiet ikkje har lagt fram noko bevis i avhøyra.

Stig Nybø

ERKJENNER: Advokat Stig Nybø forsvarar den drapssikta 22-åringen i Florø. Han seier at den sikta erkjenner å ha slått den avlidne, men likevel ikkje er samd i siktinga.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Mannen skal i avhøyr ha sagt at den avlidne skal ha provosert fram ein situasjon som enda med slag. Han er likevel ikkje samd i siktinga, opplyser Nybø.

Nybø seier at biletet som 22-åringen har lagt fram ikkje er eintydig, og at mannen er sterkt prega av det som har skjedd.

Ikkje låst seg til hypotese

Det var like før klokka 13 tysdag at politiet fekk ei uromelding og rykte ut til eit hus i Florø. Der fann patruljen ein livlaus mann. Trass forsøk på gjenoppliving vart mannen stadfesta død 40 minuttar seinare.

Politiadvokat Inger-Lise Høyland

IKKJE LÅST: Sjølv om ein mann er sikta i saka, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland at politiet ikkje har låst seg til ein hypotese om kva som har skjedd.

Foto: Truls Kleiven

Av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet kommentere kven som sende uromeldinga eller kva denne gjekk ut på. Dei vil heller ikkje kommentere om dei meiner det var andre personar til stades då valdsepisoden fann stad.

Under pressebriefen i dag ville dei heller ikkje kommentere skadane på den avlidne eller omstenda som ligg til grunn for siktinga mot 22-åringen .

Etter det NRK kjenner til skal det ha vore rus inne i biletet. 22-åringen er sikta for drap, etter paragraf 275 i straffelova. Strafferamma er fengsel i åtte til 21 år.

– Sjølv om ein person er pågripen, så har vi ikkje låst oss til ein hypotese, og er opne for andre moglegheiter, sa politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Kjende kvarandre

Den sikta er ein kjenning av politiet, og NRK kjenner til at mannen tidlegare er dømd for vald og narkotikalovbrot. Dei to kjende kvarandre frå før, men skal ikkje vere i familie. Begge er norske statsborgarar, busette i Florø.

Den sikta blir torsdag framstilt for varetektsfengsling i Sogn og Fjordane tingrett. Advokat Nybø seier han førebels ikkje har teke stilling til fengslingsspørsmålet.

Politiet har sett ned ei etterforskingsgruppe som skal etterforske drapet frå Florø.

– Vi skal avhøyre vitne, personar i krinsen rundt sikta og avlidne, og personar som kan ha vore i området på gjerningstidspunktet. Vi skal gjere fleire avhøyr av sikta, sa politiadvokat Høyland under pressebriefen.

Ikkje hjelp frå Kripos

På åstaden blir det gjort fleire kriminaltekniske undersøkingar, og politiet har teke beslag i telefonar og andre lagringsmedia som dei vil gå gjennom.

Politiet har til no ikkje bede Kripos om hjelp, men dette er noko som blir vurdert fortløpande.

– Vi har fått spesialistar opp frå Bergen, både på kriminalteknikk og etterforsking, sa leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.