Hopp til innhold

«Drapsmaskina» som forsvann

Talet på beitedyr som er drepne av jerv har stupt etter at regjeringa i 2015 opna for meir omfattande jakt på det freda dyret.

Jerv (Gulo gulo)

AUKA JAKT: Styresmaktene tillèt i 2015 meir jakt på jerven. Som resultat blir det no funne færre kadaver som jerv står bak.

Foto: Myhr, Steinar / Samfoto

– 2014 var eit år med veldig mykje skadar etter jerv. Miljødirektoratet har sett i gang ekstraordinære uttak og fått regulert jervebestanden, seier Rein-Arne Golf, regionalt rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Resultatet er at berre eitt kadaver er funne i 2018 som kan sporast tilbake til eit jerveåtak.

Jerven var i mange år eit stort trugsmål mot saueflokkane som gjekk på beita i fjella, spesielt i indre Sogn.

Etter den blodige sommaren 2014 gjekk bønder i området ut og kravde tiltak. Mange melde om store tap, og 126 kadaver vart funne og registrerte som jerveåtak.

– Eg orkar ikkje å tenkje på kva som skjer til sommaren, sa sauebonde Arne Rebni Øvreås i Skjolden til NRK i mars 2015.

Seinare i 2015 lempa regjeringa dermed på krava. Beitelaga i indre Sogn fekk drive meir omfattande jakt. Blant anna fekk dei bruke lys på åte, kameraovervaking av jervebåsar og snøskuter til utplassering og tilsyn.

Dei kan til og med gå direkte på eit jervehi dersom dei veit at ei tispe har born, og Arne Rebni Øvreås er mykje meir nøgd no enn det han var då han uttala seg i 2015.

– Me er no komne nærmare den situasjonen som skal vere her i området, nemleg eit beiteprioritert område utan skadar av jerv på sau, seier han.

– Kva betyr det for dei som eig sauene?

– Det betyr alt. Me har hatt mange blodbad i fleire år her, og det går ikkje i lengda. Det er større optimisme no til å halde fram med sau enn det var.

Øvreås meiner likevel at myndigheitene ikkje kan sleppe opp på dei tiltaka dei har gjeve ekstraordinært lov til.

Han fryktar at situasjonen kan gå tilbake til slik han var.

– I vår vart det registrert fem tisper i dette området. Me er avhengige av at det vert teke ut ganske mange jervar viss me skal ha ein like god sommar neste år som desse to siste åra, seier han.

Arne Rebni Øverås

NØGD: Arne Rebni Øvreås, rovviltkontakt i Skjolden beitelag, meiner likevel at myndigheitene må halde trykket oppe.

Foto: Privat