NRK Meny
Normal

Då dei sprang bort til traileren, vart dei møtt av sjåføren som ville låne telefon

Kirsten Lindén og Anders Lunde blei møtt av sjåføren av den brennande traileren. Han ville låne telefonen deira og ringje til arbeidsgjevaren sin.

Overlevandegudvanga

Ekteparet Kirsten Lindén og Anders Lunde var på veg på ferie med campingvogn då dei vart sitjande fast i Gudvangatunnelen.

Foto: Asgeir Reksnes/NRK

– På eit tidspunkt trudde eg ikkje vi kom til å overleve. Det var heilt forferdeleg, fortel Kirsten Lindén til NRK.

Anders Lunde og Kirsten Lindén har vore på sjukehuset i Lærdal i to døgn, i dag får dei reise heim. Dei har fått behandling for røykskadar etter at dei blei sitjande fast i Gudvangatunnelen då ein trailer tok fyr måndag ettermiddag.

Skulle på campingferie

Ekteparet hadde sin fyrste dag av det som skulle vere ein to vekers campingtur. Måndag morgon kom dei køyrande gjennom Gudvangatunnelen, frå Gudvangen mot Lærdal. Då dei hadde køyrt 7–8 kilometer byrja trafikken å gå seinare, plutseleg var det full stopp.

– Det var ikkje mogeleg å sjå kvifor trafikken gjekk så seint, men vi såg at bilar prøvde å køyre forbi køen, nokon prøvde å snu og køyre tilbake. Eg skjønte ingenting. Så såg vi flammar og røyk velte ut av ein trailer, fortel Lindén.

Ekteparet handla raskt og sprang bort til traileren. Der blei dei møtt av sjåføren som ville låne telefonen deira. Mannen frå Polen snakka dårleg engelsk, men slik dei forstod skulle han ringe til arbeidsgjevaren sin i Sverige.

Ante ikkje kva last traileren hadde

– Vi spurte sjåføren kva last han hadde på traileren, men det visste han ikkje. Då vart vi bekymra, for vi ante jo ikkje kva som brann. Eg vart livredd, fortel Lindén.

I campingvogna hadde dei mykje gassflasker, så ektemannen gjekk ut for prøve å kople frå campingvogna for å bilen vekk. Fleire gonger gjekk han ut av bilen, men måtte inn att i bilen gong på gong for å trekkje luft.

– Vi ville ha den vekk for å klare å snu bilen, men det nytta ikkje. Røyken kom for fort og det var veldig varmt. Det var vanskeleg å puste og det var heilt svart i tunnelen, vi såg ingenting, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå brann i Gudvangatunnelen

I FULL FYR: Ekteparet skjønte ikkje kva som skjedde i tunnelen før dei plutseleg såg traileren som stod i full fyr inne i tunnelen.

Foto: Jørn Scholz

Turistbuss vart redninga

Dei byrja å køyre med campingvogna på slep, men bilane som hadde snudd og byrja å køyre tilbake kolliderte med fjellveggen og kvarandre, og det var fullstendig kaos, seier Lindén.

Ekteparet krasja med ein buss – men den skulle vise seg å bli redninga deira.

– På det tidspunktet trudde eg ikkje at vi kom til å overleve. Eg kjente at vi ikkje fekk puste, og beina byrja å svikte under meg. Det var åtte kilometer å gå ut. Det hadde vi aldri klart, fortel ho.

Ekteparet kom seg inn i bussen og fekk endeleg friskare luft å puste i. Det viste seg å vere ein turistbuss full av kinesarar.

– Stemninga blant asiatane var mildt sagt dårleg, dei hadde fullstendig panikk, fortel Anders Lunde.

– Alt dei ville var å kome seg ut

Han fortel at mange av dei snakka i mobiltelefonar og det var tydeleg at ville ha råd om kva dei skulle gjere. Etter ei stund byrja fleire av dei å prøve å kome seg ut.

– Dei hadde panikk og alt dei ville var å kome seg ut. Men eg og kona kom jo frå utsida. Vi visste at det ikkje var mogeleg å overleve der ute i den tjukke røyken, seier han.

Ekteparet kommuniserte med guiden i bussen som kontinuerleg snakka til passasjerane og sa at dei måtte halde seg roleg og ikkje gå ut.

– Dessutan heldt bussjåføren dørene fast. I byrjinga var sjåføren roleg og kontrollert, men til slutt vart også han ramma av panikken, fortel Lunde.

Då kom brannvesenet.

– Kva tenkte du når de såg redningsmannskapet?

– Då innsåg eg at det kom til å gå bra. Dei tok oss ut av bussane og ledsaga oss forbi den utbrente traileren og vidare inn i ein sjukebil, seier han.

Ekteparet hadde vore inne i bussen om lag ein time før brannmannskapet kom. Den timen kjem dei aldri til å gløyme.

– Den friske lufta utanfor tunnelen var heilt himmelsk, Det har aldri vore så godt å kjenne regnet på huda, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast