Hopp til innhold

Dramatisk tilbakegang - så mykje har breane trekt seg tilbake

Den rekordvarme sommaren har tært hardt på breane våre. Berre Bøyabreen har trekt seg tilbake 65 meter det siste året.

Bøyabreen

DRAMATISK: Bøyabreen har verkeleg fått merke den varme sommaren, Norsk Bremuseum sine målingar viser at breen har trekt seg tilbake 65 meter i 2014.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det viser dei årlege målingane Norsk Bremuseum gjennomfører ved fire brear.

– Me kan ikkje trekkje konklusjonar ut ifrå ein sommar, men viss vi får fleire slike varme somrar og vintrar med lite nedbør på breane, så ser det dårleg ut, seier Pål Gran Kielland som er fagansvarleg ved Norsk Bremuseum.

Dramatiske tal

Pål Gran Kielland

TRIST UTVIKLING: Pål Gran Kielland ved Norsk Bremuseum tykkjer utviklinga av breane er trist.

Foto: Sunniva Vatle

For målingane dei har gjort i år er dystre:

  • Store Supphellebreen minus 18 meter,
  • Bøyabreen minus 65 meter,
  • Vetle Supphellebreen minus 31 meter,
  • og Haugabreen minus 13 meter.

Sjølv om trenden har vore nedadgåande dei siste åra, er det ekstra ille i år. Kielland liker situasjonen dårleg.

– Det er trist at det går den retninga. Vi vil jo at breane skal vakse og halde seg fine og store slik at vi får vist dei fram. Så det er ei trist utvikling, men det er òg spanande å sjå korleis eit varmare klima påverkar naturen vår, seier Kielland

Turismen kan få lide

Han meiner det er dramatisk på fleire måtar, dersom breane skulle forsvinne heilt.

For det første vil reiselivet miste eit viktig trekkplaster. For det andre:

– Så er breane ein fin indikator på klimaet vårt. Viss breane minkar, så er det eit teikn på at klimaet blir varmare og varmare, seier Kielland.

– Er det noko vi kan gjere for å stoppe utviklinga?

– Det er jo det store spørsmålet. Men viss det er noko vi kan få gjort, så bør vi prøve, seier Kielland.