To helikopter kom til Sletterust. Arkivfoto NRK
Då det stod på som verst, var mor Wenche Natvik sikker på at ho ville miste guten sin. Men ho seier at når det først skulle skje at guten vart akutt sjuk, så var det bra at dei var på fjellet og ikkje heime. For på hytta låg guten på same rommet som mora, heime hadde han lege åleine på rommet sitt.
Påskeferien vart mareritt
Det som skulle vere starten på ein roleg påskeferie på hytta, vart eit sant mareritt for familien Natvik frå Årdal. Dei hadde reist til hytta på Sletterust mellom Årdal og Tyin, tre kilometer frå næraste bilveg.
Vesle Sander på eitt år verka blid og fornøgd. - Han var frisk og rask. Rett nok skreik han litt etter at han hadde lagt seg, men det pleier han gjere. Då eg la meg klokka 12, såg eg at han låg og såg liksom inn i veggen, og eg fekk ikkje kontakt med han. Han kasta opp og vart blå i ansiktet. Då ringde vi til Norsk Folkehjelp, som ligg i påskeberedskap på Tyinosen og til alarmsentralen, fortel Wenche Natvik.
To helikopter samstundes
Etter nesten ein time kom to helikopter frå luftambulansen samstundes, landa utanfor hytta og fekk frakta vesle guten til Haukeland Sjukehus.
<_h2gc3a5_te feila="" kva="" som="">
Vesle Sander fekk hjelp i tide. Han vakna frå narkosen og ligg i dag på Haukeland, der det skal takast prøver for å finne ut kva som skjedde i helga. For den dramatiske natta er enno ei gåte for legane. Viktigast for Wenche Natvik er at ho har guten sin i god behald.