Hopp til innhold

Dramatisk nedgong

Salet av pelletsomnar vart halvert for Jostedalen-bedrift i 2007.

Pellets

Pellets

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Les også:   - Ingen pengar i potten

Alt var berre lukke for BioNordic hausten 2006. Straumprisane skaut i veret og regjeringa innførte tilskotsordningar for dei som ynskte å kjøpe alternative og miljøvenlege oppvarmingskjelder. Det førte til at selskapet innerst i Jostedalen selde svært mange pelletsomnar mot slutten av året og i byrjinga av 2007. Når tilskotsordninga tok slutt, stupte også salet. Edvin Brun i BioNordic håpar ordninga blir vidareført. Viss ikkje må dei leggje om drifta.

Stor skilnad

- Vi ser stor skilnad på hausten 2006 og 2007. Vi snakkar i alle fall om ei halvering, seier Brun

Bedrifta er inne i sitte tredje driftsår og vedgår at situasjonen er langt frå ideel, men at det ikkje er fare for nedleggjing.

- Det er klart at så stor nedgong i omsette produkt betyr mykje, men eg har ikkje dei endelege tal klare enno, seier han.

Andre løysingar

Bedrifta i Jostedalen selde svært mange pelletsomnar i byrjinga av 2007 då tilskotsordninga tok slutt. No håpar dei på vidareføring av tilskotsordninga, elles må dei sjå på alternative løysingar.

- Vi må justere oss i forhold til verkelegheita, seier han

Det er venta at BioNordic vil presentere nye samarbeidspartnarar om kort tid.