Hopp til innhold

Dramatisk mykje lakselus i Sognefjorden

Lokale fiskarar meiner det aldri har vore meir lakselus i Sognefjorden enn i år. No skal Sogn Villaksråd kartleggje situasjonen.

Lakselus i Sognefjorden

ALVORLEG: Biletet er tatt i går og teiknar eit alvorleg bilete av lakselusproblema i Sognefjorden. No skal tilstanden kartleggjast skikkeleg.

Foto: Ken Heine Bakke / NRK

I går opplevde Ken Heine Bakke frå Balestrand å finne smolt og vaksne fisk med 60-80 vaksne lus, samt eit utal larver ved elveosen på Nessane. Situasjonen er spesielt alvorleg for sjøauren.

– Eg har aldri sett det så gale som i år. Auren er heilt dekka av vaksen lakselus og larver som det er heilt umogleg å telje, seier Bakke, som er leiar i fiskeutvalet til Balestrand jeger- og fiskarlag.

Startar overvaking av fjorden

Sogn Villaksråd har no fått midlar av Fylkesmannen til å kartleggje og overvake situasjonen. Leiar Bjørn Vike meiner heile fiskeri- og oppdrettsforvaltninga må ta grep.

Bjørn Vike

SKAL REGISTRERE: Bjørn Vike, leiar i Sogn Villaksråd, meiner lakselusproblematikken er eit bevis på at ope oppdrettsanlegg ikkje fungerer i Sognefjorden.

Foto: NRK

– Oppdrettsnæringa har store problem når det gjeld avlusing. Dette er eit bevis på at det å drive med opne anlegg i eit fjordsystem som i Sogn, det går berre ikkje lenger, seier han.

Ken Heine Bakke meiner situasjonen er så alvorleg at det utgjer ein reell trussel mot fiskebestandane i fjorden.

– Det blir sagt at ti vaksne lakselus er nok til å ta livet av ein smolt eller ein fisk. Dei eg fekk i går låg på mellom 60 og 80 lakselus. Det går mot utrydding, i alle fall for auren sin del, seier han.

– Kraftreguleringa er problemet

Men ikkje alle meiner oppdrettsnæringa har skulda. Asbjørn Masnes, leiar i Kystpartiet i Sogn og Fjordane, meiner problemet skuldast kraftregulerte elvar, som gjer at det vert slept ut for lite ferskvatn i fjorden.

Video Valutspørjing av Asbjørn Massnes (Kystpartiet) og Mindor Tonheim (Kristent Samlingsparti)

SKULDAR PÅ KRAFTVERKA: Abjørn Massnes frå Kystpartiet meiner oppdrettsnæringa bør gå fri og skuldar heller på kraftreguleringa for oppblomstringa av lakselus.

Foto: Nyhetsspiller

Kraftreguleringa er problemet, i kombinasjon med at det har vore lite snøsmelting førebels. Då må fisken opp i elvane for å avluse seg, seier han.

Han meiner hovudsyndarane er dei store kraftverka i Luster og Aurland. Dei slepp ut vatnet ut på 30-40 meters djupn. I tillegg blir det blanda med saltvatn for å hindre at det dannar seg is på fjorden.

Det vatnet er laga for at det skal gå lus i det, seier Masnes.