Den internasjonale skulen i Flekke lever av løyvingane frå staten. Difor er forslaget til statsbudsjett svært dramatisk for skulen. Regjeringa vil fjerne driftstilskotet alt frå neste haust, og slik spare 9,2 millionar kroner første året.
Skulen slit frå før økonomisk, og styreleiar Raymond Johansen, fryktar at dagens melding kan bety kroken på døra om ikkje stortinget gjer eit anna vedtak.