Hopp til innhold

Dramatisk auke i talet på redningsaksjonar

Hittil i år har det lokale hjelpekorpset hatt nær like mange aksjonar i dei populære toppturområda i Jotunheimen som i heile fjor til saman.

Luster Hjelpekorps har mykje å gjere

OFTARE UTE: Medlemer frå hjelpekorpset i Luster samla etter nok ein innsats i Hurrungane.

Foto: Luster Røde Kors Hjelpekorps

– Vi har hatt ein travel start på året. Vi har hatt om lag 15 oppdrag frå påskeveka og fram til pinsehelga. I fjor hadde vi 17 oppdrag totalt, og no har vi alt hatt 15 i år. Så vi veit ikkje korleis dette kan ende.

Det fortel leiaren i Luster Røde Kors Hjelpekorps, Ove Fortun, til NRK. Han leiar ei gruppe på om lag 40 medlemer, som då stadig blir kalla ut for å hjelpe og assistere på stadig fleire redningsaksjonar.

– Vi er om lag 20 personar som er veldig aktive. Men det røyner på mannskapa når det blir noko heile tida. Folk blir slitne, og vi skal jo ha eit familieliv utanom også. Vi gjer ein kjempejobb for redningstenesta i Norge, meiner Fortun.

Stadig fleire vel tøffe turar

Området dei dekkjer er blant dei aller mest populære turområda i Norge, og frå heile landet og utlandet strøymer det til med toppturentusiastar. Stadig fleire kastar seg på trenden om å gå på dei høgste toppane, merkar Fortun.

– Dette med toppturar tek heilt av. Slik som i pinsen var det ekstremt med folk i Jotunheimen. Pinseaftan var det 120 bilar som stod i Ringsdalen med folk som skulle til Ringstid. Der har vi hatt no fem oppdrag sidan påske. Dette er eit veldig krevjande område.

Han føler ikkje at folk nødvendigvis tek meir sjansar enn før, men slår fast at med så mykje folk på tur så er sjansen større for at noko kan skje.

–Men med så flott vêr som vi har no, så er det masse folk i Hurrungane, det er jo litt spennande å sjå kva som skjer, seier Fortun.

Godt nøgde med samarbeidet

Ein av dei som har hatt god nytte av hjelpekorpset sine tenester denne våren er basesjefen for luftambulansen på Førde sentralsjukehus. Kjell Naustdal er eigentleg redningsmann på helikopteret, og ser stor verdi i å ha hjelpekorpset med seg.

– Det blir ofte til at dei blir varsla parallelt og så ser vi kven som kjem fram. Vi pleier alltid å be om at dei også blir varsla, i tilfelle vi ikkje skulle kome fram med helikopteret. Vi har eit nyleg døme på at dei har kome fram og fått flytta pasienten til ein stad der det var mogleg å plukke opp pasienten. Det er ganske uvurderleg den innsatsen dei gjer, seier Naustdal.