Hopp til innhold

Dramatiserer ømtolig ungdomsroman

Sogn og Fjordane Teater skal no dramatisere den ømtolige ungdomsromanen «Så vakker du er». Kreftforeininga gir teateret skryt for å ta tak i temaet alvorleg kreftsjukdom på denne måten.

Terje Lyngstad

FÅR SKRYT: Terje Lyngstad og Sogn og Fjordane teater frå skryt for å gripe fatt i det vanskelege temaet om alvorleg sjukdom.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette synest vi i Kreftforeininga er veldig flott, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Det er Brynjulf Jung Tjønn sin ungdomsroman «Så vakker du er» som hausten neste år blir teaterstykke på Sogn og Fjordane teater.

– Ein del av vår oppgåve som teater

Forfattaren frå Feios fekk i fjor haust Brageprisen for denne boka, som mellom anna handlar om ein ung gut som blir konfrontert med alvorleg sjukdom i familien.

Å vere pårørande til nokon som skal døy vil mange kjenne seg att i, meiner teatersjef Terje Lyngstad. Han meiner det difor er viktig å løfte fram eit slikt tema.

– Dette er kanskje litt av det som er vår oppgåve som teater, å jobbe med tema som er vonde og vanskelege, seier Lyngstad og held fram:

– No skal ikkje teateret berre vere ein plass der ein skal tilarbeide sorgprosessar, men eg meiner det er viktig at vi grip tak i det som er viktig for unge menneske, også utover det å underhalde.

Har gripe tak i vanskelege spørsmål før

Sogn og Fjordane teater gjer det igjen: Løfter eit ømtolig emne opp på teaterscena.

Denne gongen er det den brageprisvinnande ungdomsromanen til Brynjulf Jung Tjønn, «Så vakker du er», som skal dramatiserast.

Boka handlar mellom anna om ein tenåring som ser at onkelen får kreft og døyr.

Også fleire gonger tidlegare har teatersjef Terje Lyngstad gripe tak i krevjande spørsmål, som rasisme, betente rettssaker og den utskjelte rånekulturen.

– Eg føler ikkje at dette er kontroversielt i seg sjølv. Det som blir framstilt i romanen er kjensler som er universelle og attkjennelege for dei fleste. Det at ungdom som pårørande møter folk som er i slutten av livet, og gjerne unge som er i slutten av livet, er noko eg trur alle kan kjenne seg att i, seier teatersjefen.

(Artikkelen held fram under)

Brynjulf Jung Tjønn

FANTASTISK: Jublar forfattar Brynjulf Jung Tjønn om at teateret i heimfylket vil lage ei oppsetting av boka hans.

Foto: Saeculo

– For meg er dette heilt utruleg

I «Så vakker du er» skriv Jung Tjønn om det vanskelegaste ein kan skrive om for ungdom, sjukdom og død.

Men boka handlar òg om forelsking og gryande kjærleik. Og at nettopp forfattaren set det vonde opp mot det vakre, meiner mange er ein stor kvalitet, som no også blir å sjå på teaterscena.

– For meg er jo dette heilt utruleg, seier forfattaren sjølv om at boka blir teater.

På dei månadane som har gått sidan boka om ut i august i fjor, har forfattaren frå Feios vunne Brageprisen, boka er seld til utlandet, og no ventar altså ei teateroppsetjing.

At ungdomsromanen skulle bli eit slikt vendepunkt, hadde ikkje Jung Tjønn trudd.

– Dette skulle berre vere ein liten ungdomsroman som eg rekna med skulle bli gløymt med det same. Så fekk den Brageprisen, og no skal den altså på scena… Det er heilt utruleg.

– For ein forfattar er det fantastisk at noko eg har skrive få leve vidare på denne måten.

– Eg gler meg

Det er regissør Miriam Prestøy Lie, busett i Dale i Sunnfjord, som hadde ideen og som skal lage teatermanus av boka.

Artisten Thea Hjelmeland frå Førde skal stå for musikken. At nettopp desse to kvinnene er med, gjorde det enkelt for Jung Tjønn å seie ja.

– Eg gler meg skikkeleg til dette, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Lise Ryel

SKRYT: Anne Lise Ryel i Kreftforeininga skryt over teateret som set vanskelege tema på dagsorden på denne måten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Får skryt frå Kreftforeininga

Frå Kreftforeininga vankar det skryt til teateret for å gripe fatt i slike vanskelege tema.

– Det er nettopp ved hjelp av ulike kunstneriske uttrykk at ein greier gripe fatt i vanskelege tema, og dermed gjer det enklare for folk å snakke om det etterpå, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Dei siste åra har fleire kommentert at norsk ungdomslitteratur er for dyster, der unge hovudpersonar blir konfronterte med sjølvskading, sjukdom og død.

Fleire kritikarar har teke til orde for at ein bør vera meir varsam med å servere ungdommen med elende på denne måten. Det meiner Ryel i Kreftforeininga ikkje nødvendigvis er rett.

– Nokon gonger er det tvert om slik at dei unge er flinkare til å takle dette enn vi godt vaksne. Uansett er døden og alvorleg sjukdom noko som er vanskeleg i dagens samfunn, i og med at døden ikkje lenger er den delen av livet som det var, seier generalsekretæren.

Håpar å røre ved ungdomen

Teaterstykket skal ha premiere hausten neste år. Ved Sogn og Fjordane teater trur teatersjef Terje Lyngstad at det motsettingsfylte i boka – alvorleg sjukdom og intens tenåringsforelsking – kan røre ved ungdomen.

– Dette er ein heilt strålande ungdomsroman, og det er fint at vi får laga eit stykke for den målgruppa. Det er ein god roman med store kontrastar.