Hopp til innhold

Dramatikk før Gaular sa ja til storkommune

SANDE (NRK): Gaular kommunestyre vedtok i ettermiddag med 11 mot 10 røyster å gå inn i ein storkommune i indre Sunnfjord.

Prøverøysting i Gaular kommunestyre

HER VAR DET FLEIRTAL IMOT: Prøverøystinga, der det var 12 mot storkommune, ni var for.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det knappe fleirtalet kom ikkje utan dramatikk. I ei prøverøysting gjekk tre av representantane til Høgre imot samanslåing. Dermed var røystetalet 12-9 mot storkommune.

Etter gruppemøte endra to av tre Høgre-representantar standpunkt. Berre Aud Marit Hage i Høgre-gruppa stod fast på sitt nei til storkommune. Dermed vart røystetalet 11-10 for indre Sunnfjord, og det er i samsvar med det eit knapt fleirtal av innbyggjarane meinte i ei folkerøysting.

Sara-Marie Horsevik (Ap) og Kari Biurkeland (Sp)

- ER DET SANT: Representantane Sara-Marie Horsevik (Ap) t.v. og Kari Birkeland (Sp) etter prøverøystinga.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Frykta tvangssamanslåing

Ei viktig årsak til at dei to høgrerepresentantane snudde, var at det i debatten vart lagt vekt på ein eventuell tvangssamanslåing seinare.

– Vi vil vere med å forhandle frå starten av og ikkje komme inn seinare, når mykje er lagt, seier ordførar Mathias Råheim (H).

Han har frykta at Gaular vil bli nøydd til å føye seg etter andre kommuner dersom dei kjem sist inn i eit samarbeid.

Trur ikkje på tvang

Atle Hoff (Sp) røysta nei, hovudsakleg fordi dei økonomiske føresetnadane har vorte endra etter at mange kommuner i landet har sagt nei til storkommuner.

– Ei regjering kan ikkje sjå at mange kommuner slit med store underskot og straffe dei fordi dei har sagt nei, så det vil forandre seg. Og så er det til ei kvar tid det sittande storting som bestemmer økonomien, så med endring av regjering vil det òg bli forandra, seier Hoff.

Likevel vart vedtaket til slutt «ja» til samanslåing.

– No er det gjort ein vedtak, så no må vi samarbeide vidare for å få eit best mogeleg resultat, seier Hoff.

Stiller ultimatum

Gaular vedtok samanslåing med storkommunen i indre Sunnfjord med ein føresetnad om at alle kommunene sine verdiar og gjeld, så enkeltkommuner ikkje kan bygge seg opp fond i gamle kommuner.

– Viss ikkje det vert respektert, blir det ikkje noko ja, seier Råheim.

Ordføraren sa etter møtet at det har vore ei vanskeleg sak.

– Det er ei vanskeleg sak og ei stor sak. Det er kanskje den største saka vi har behandla på mange år. Så at folk var i tvil, har eg full respekt for, seier han.

Førde-ordføraren er nøgd

Ordførar i Førde, Olve Grotle (H), er leiar for regionsamarbeidet i Sunnfjord og synest dette minner om påskekrim.

– Det var veldig spennande, veldig nært, og eg er glad for det vedtaket som til slutt vart, seier ordføraren.

Det er uvanleg at kommunestyrevedtak om slike saker blir så tette som det vart i dag.

– I dei fleste saker blir det nesten samrøystes eller med stort fleirtal, men ikkje her. Det understrekar at dette er ei sak som er viktig og vanskeleg for mange, seier Grotle.