Hopp til innhold

Drama då to menn fall i sjøen ved Bryggja

To menn i 70 og 80-åra berga seg så vidt til land då båten dei sat i, kantra under garntrekking.

Dei to mennene var 50 til 100 meter frå land, og den eldste på over 80 år greidde ikkje å kome seg opp att i båten.

Med éi åre og med mykje vatn i båten, padla den yngste til land.

Dramaet fann stad ved Bryggja i Vågsøy kommune i Nordfjord i 19-tida laurdag.

Trekke garn

Dei to eldre karane var ute for å trekkje garn då båten dei sat i kantra under sjølve garntrekkinga, ifølge politiet.

Begge karane enda i sjøen. Medan dei låg i vatnet, klarte dei å få båten på rett kjøl att. Den eine av dei to karane, den yngste, klarte deretter å kome seg opp att i båten. Men det greidde ikkje den eldste.

Operasjonsleiar Magne Faleide hjå politiet seier båten var halvfull av vatn og at den eine åra var vekke.

– Medan mannen over 80 hang over ripa, greidde den yngste å padle inn til land, seier Faleide.

Til legevakta

Politiet fekk melding via AMK.

– Dei to er sendt til legevakta på Eid. Dei var nedkjølte. Den yngste går det greitt med, mens han som låg lengst i vatnet er meir nedkjølt. Vi veit ikkje meir om tilstanden hans no, sa Magne Faleide hjå politiet.

Det var publikum som melde frå til AMK.