NRK Meny
Normal

Drakk øl medan han køyrde bil over fjellet

Ein mann i 40-åra er fråteken førarkortet for alltid, etter at han drakk øl medan han køyrde ei trekkvogn frå Gol til Kaupanger. Ei blodprøve synte at mannen hadde 2,03 i promille.

Mannen sette seg bak rattet på ei trekkvogn og la i veg saman med ein passasjer frå Gol i retning Kaupanger. Undervegs drakk han øl.

Turen over Hemsedalsfjellet gjekk utan uhell, men då han kom fram på Kaupanger køyrde han borti eit gjerde då han skulle gjennom ein smal port.

På ferja på veg tilbake vart han stoppa av politiet, som hadde fått melding om vinglete køyring. Sjåføren skulle på eit tidspunkt ha køyrt utanfor vegen over Hemsedalsfjellet.

Vedkommande lukta då alkohol og var noko ustø i gangen. Politiet fann to bereposar med tomme ølboksar i bilen, i tillegg til ein berepose med uopna ølboksar.

Ei seinare blodprøve synte ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 2,03 promille. I retten vedgjekk mannen at han hadde køyrt trekkvogna i rusa tilstand.

Sjåføren er tidlegare dømd for to tilfelle av promillekøyring, og mista i dommen frå Sogn tingrett førarkortet for alltid. Han fekk i tillegg ei bot på 20.000 kroner, og ein fengselsdom på 48 dagar på vilkår.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy