Hopp til innhold

Kva veg skal få pengar?

Det bryggjar opp til kamp om uventa vegpengar mellom Stryn og kystkommunane.

Leirgulen - Bortnen/Olden-Innvik

STÅR I KØ: Vegen mellom Leirgulen og Bortnen i Bremanger (t.v.) og Olden - Innvik ventar begge på opprusting.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Ottar Starheim / NRK

Fullføringa av Bremangersambandet ligg an til å bli heile 160 millionar kroner billegare enn rekna med.

– Uakseptabelt

Stryneordføraren vil ha restpengane til Olden-Innvik, medan Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad vil at kysten skal prioriterast.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

KJEMPAR FOR SIN VEG: Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) i Bremanger.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Vi kan ikkje akseptere at ein set att nokre små delstrekningar innimellom som ifølgje regionvegsjefen vil vere trafikkfarlege punkt, seier Svarstad til NRK.

Både kystkommunane og Stryn vil gjerne bruke av pengane som no vert til overs på grunn av store innsparingar på Bremangersambandet.

Vil ha 40 mill.

Vegen ligg an til å bli heile 160 millionar kroner rimelegare enn rekna med, og Kåre Olav Svarstad meiner 40 av desse millionane bør gå til å oppruste den 2,2 km lange strekninga mellom Leirgulen og Bortne i Bremanger.

Dette er eksisterande veg som berre skal få ei delvis opprusting med møteplassar og utvida tunnel på sambandet. Men Svarstad vil ha gul stripe.

– Ein kan ikkje gjere slik det no ligg føre, at ein skal sitje att med nokre små parsellar som skal ha den standarden som ein har i dag, seier ordføraren.

Han viser til at ein i si tid let vere å planleggje opprusting av strekninga fordi Fylkestinget trudde det ikkje fantest budsjettdekning.

Støyva krev pengar til fv. 60

Nils P. Støyva

KJEMPAR FOR SIN VEG: Ordførar Nils P. Støyva i Stryn.

Foto: NRK

Problemet er at Fylkestinget på same tid har bestemt at om pengar blir til overs under bygging av Bremanger og Dalsfjordsamband så skal midlane gå til Olden-Innvik. Derfor vil ordførar i Stryn Nils P. Støyva at pengane skal brukast der.

– Stryn kommune si prioritering, og mi prioritering, har heile tida vore å ruste opp strekninga mellom Olden og Innvik. No har vi komme i gang med noko arbeid der, og meir arbeid skal det bli utover hausten. Eg jobbar sjølvsagt for å få rusta opp Olden - Innvik, seier Nils P. Støyva.

Dei to ordførarane kan i tillegg vente seg kamp frå Dalsfjorden, der Nishammaren i Fjaler i mange år har venta på opprusting.