-Det var mest som å bli lamma, og eg greier nesten ikkje ragere. Bak meg ligg tre generasjonar sitt livsverk, og vi har ein veldig spesiell historie. No er alt borte, seier Drægni på telefon frå Bergen.
Likevel er Drægni klar på at hotellet skal byggjast opp att.
-Det er klart. Eg har lege vaken i heile natt, og har ikkje fått snakka med forsikringsselskapet enno, men eg vil bygge opp att hotellet og drive det vidare slik slekta mi har gjort, seier Drægni.
Men sjølv om hotellet i seg sjølv kan byggjast opp att, er det innhaldet som er verdifullt på Turtagrø. Det inneheld mellom anna landets største samling av fjellklatring-fotografi, og i sommar vart det også opna eit bibliotek på hotellet.
Turtagrø Hotel vart bygd i 1888, og det er ein verneverdig 113 åring som no har gått tapt.