Drabløs overraska partifelle i nord

Strynefjellet er høgt prioritert for Framstegspartiet i Møre og Romsdal i samband med Nasjonal Transportplan. Det seier fylkesleiar Frank Sve. Det har vekt sterke reaksjonar at fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Lars Svein Drabløs, denne veka sa at dei satsar på Hemsedalsfjellet og ikkje vil prioritere opprusting av Strynefjellet. Nord om fylkesgrensa er Sve overraska over utspelet.

Frank Sve
Foto: Trond Vestre / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune