Hopp til innhold

Døydde i kappløp til paringsplassen

Då sola kikka fram, trudde froskane våren var komen, og la i veg over isen for å komme først til paringsplassen. Det var ikkje det smartaste dei kunne gjere...

Frosen frosk

STOD FASTFROSEN: Etter ein spasertur på isen var dei fem froskane frosne til is. - Det var eit makabert og merkeleg syn, seier Harald Senneseth om det han såg på isen i Gaular.

Foto: Harald Senneseth

Dette synet møtte Harald Senneseth frå Sande i Sogn og Fjordane, då han kom inn til Vatnedalsvatnet (544 m.o.h.) for å gå på skøyter: Midt ute på isen sto fem stivfrosne froskar, tilsynelatande frosne «i steget».

Makabre is-statuer ute på isen

- Det var eit makabert og merkeleg syn. Eg trudde mest ikkje mine eigne auge, seier Harald Senneseth.

Ein spasertur på isen er ikkje det luraste eit vekselvarmt dyr kan finne på. Etter nokre timar på vandring stod dei fem froskane som makabre is-statuer på den store, tomme isflata.

- Slikt er faktisk ikkje heilt uvanleg. År om anna får eg rapportar om froskar som er funne ihelfrosne, seier førsteamanuensis Dag Dolmen ved NTNU i Trondeim til NRK Sogn og Fjordane.

- Frosk overvintrar anten i rennande vatn eller på land, i gamle musegangar, under trerøter, eller nedgrevne i porøs jord. I rennande vatn kan dei faktisk overleve utan å puste ein heil vinter, seier Dolmen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Fastfrosen frosk

SAT FAST: Froskane har frose fast medan dei var på veg over isen.

Foto: Harald Senneseth

Budde truleg i bekkeutløp

Frosken er eit vekselvarmt dyr, noko som betyr at kroppstemperaturen varierer etter omgjevnadane. I temperaturar ned mot null går også kroppsfunksjonane mot eit minimum, slik at dyret treng svært lite oksygen.

Ein frosk med kroppstemperatur nær null treng så lite oksygen at han klarer seg med det han tek opp frå vatnet gjennom huda. Froskane vel då stader der vatnet renn friskt, så får dei bytt ut vatnet nærmast huda. Dermed blir dei kvitt CO2'en dei skil ut, samstundes som dei får tilført friskt oksygen.

- Desse froskane har antakeleg hatt tilhald i eit bekkeutløp i vatnet, meiner Dolmen.

Kan ha trudd våren var komen

Senneseth fann dei fem froskane nær eit lite bekkeutløp i vatnet. Den nærmaste var berre ti meter frå bekken, den som som sto lengst vekke var tretti-førti meter ute på isen. Vatnet fraus tidleg i november, men i dagane før Harald Senneseth fann dei stivfrosne froskane, var det kaldt klårver og sol.

Såpass tidleg i november var det framleis bra varme i sola midt på dagen.

- Min teori er at froskane har kjent solvarmen og blitt lurte til å tru at våren var komen. Då er det éin ting som tel for ein frosk, og det er å komme seg til gytelokaliteten snøggast råd. Dei fem froskane har teke kortaste vegen over isen, og halde koken så lenge sola heldt dei varme, seier Dolmen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Islagd vatn

VATNET: Harald Senneseth skulle gå på skøyter på Vatnedalsvatnet (544 m.o.h.), då han fann dei uvanege froskane.

Foto: Harald Senneseth

- Så gjekk sola ned, og kroppstemperaturen med den. Froskane vart treigare og treigare, heilt til dei nok bokstaveleg talt stivna i steget. Og der vart dei ståande, seier han.

- Er vitenskapeleg interessant

Amfibieforskaren meiner Senneseth sitt funn er oppsiktsvekkjande.

- Funnet av fem froskar på same stad, i same ærend, og ikkje minst dei knallgode bileta Senneseth har teke, er såpass eineståande at dette er interessant for vitskapen, seier Dolmen.

HAR OGSÅ DU OBSERVERT UVANLEGE DYREHISTORIER FRÅ NATUREN? TIPS OSS GJERNE PÅ E-POST.