Då Rene Jørgensen vart frakta til sjukehuset 1. august, etter ein kort bytur i Stavanger, fekk han diagnosen alkohol- og amfetaminforgifting. Årsaka var at sjukehuset hadde fått eit tips om at han hadde teke amfetamin og drukke alkohol. Men Jørgensen hadde fått hjerneblødning, og operasjonen som kunne redde han vart ikkje sett i gong før seks timar seinare.
Ingen symptom på rusmisbruk
VG har fått tilgang til pasientjournalen til Rene Jørgensen, og der kjem legen med skarp kritikk av kollegane som gav Jørgensen feil diagnose. Legen påpeikar også at han ikkje hadde ytre symptom på rusmisbruk, og at blodprøvene heller ikkje gav slike indikasjonar.
Etterforska av politiet
Klinikksjef ved Sentralsjukehuset i Rogaland, Sverre Uhlving, seier til VG at dei har kome fram til at det er gjort moglege feilvurderingar. Difor har dei varsla politiet. Han vedgår også at legane burde vurdert sjansane for at det var hjerneblødning mykje tidlegare. Foreldra til Jørgensen vurderer no kva dei skal gjere vidare. Både politi og helsetilsynet granskar den tragiske hendinga.