Dei skal ikkje vere påført andre skader som kan ha medført døden før brannen herja huset deira. Det syner den førebelse obduksjonsrapporten.
Kontakta privat brannetterforskar
Forsvararen til den sikta 41-åringen i Florø, Walter Høivik, har kontakta ein privat brannetterforskar som dei vil hyre inn dersom Nye Kripos ikkje finn brannårsaka. Det skriv avisa Firda.
Undersøkinga held fram
Etterforskarane frå Kripos vil tysdag halde fram med undersøkingar på branntomta etter dødsbrannen i Florø. Ifølgje politistasjonssjef Nils Erik Eggen vil etterforskarane kanskje avslutte undersøkinga i løpet av dagen.
Ikkje fleire tips
Eksmannen til kvinna som omkom er sikta for mordbrann, men politiet har ikkje bevis som knyter mannen til branntomta.
Det har ikkje kome inn fleire tips i saka, opplyser Eggen.