Hopp til innhold

Dotter og mor syklar frå sør til nord

Etter åtte dagar på sykkel har mor og dotter Signe Nordvik og Kari Nordvik Hauge stogga i heimbyen Florø for å feire 60-årsdagen til mor. Planen er sju veker på sykkel frå Lindesnes til Nordkapp.

Kari Nordvik Hauge og Signe Nordvik

PÅ SYKKELTUR MED MOR: Dei to sykkelreisande stoppe i dag i Florø. Her skal dei feire mor Signe sin 60-årsdag.

Foto: Stein Aase / NRK

– Vi har gode syklar, og det har gått veldig fint. Det var mykje motbakkar frå Lindesnes til Flekkefjord og til Egersund, men så langt har vi tolt det, seier Signe Nordvik.

Ho og dottera har realisert draumen og syklar no saman i sju veker langs kysten av Norge. I dag var dei på plass i Florø for å feire Signe sin 60-årsdag. I dei åtte dagane dei no har vore på tur har dei merka godt den kalde våren.

– Det er faktisk vinterklede vi har sykla i, men no håpar vi at vi snart kan ta fram sommarkleda, seier Kari Nordvik Hauge (27) som til vanleg er sjukepleiar på Haukeland sjukehus.

Enkelte dagar har dei sykla etappar på nesten 12 mil. På Facebook-sida deira deler dei bileta frå turen.

– Ein får ei anna oppleving av landet og landskapet når ein sit på ein sykkel i forhold til det å køyre, fortel mor Signe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå sør til nord med mor

EIGEN LOGO: Jakkene til dei to syklistane har teksten 'Frå sør til nord med mor'.

Foto: Stein Aase / NRK

Tøff mamma

Men det var ikkje gitt at det skulle bli sykkeltur på mor og dotter.

– I vinter skulle mamma absolutt køyre på det største hoppet i skibakken, og då landa ho på skuldra og måtte opererast for eit kragebeinsbrot, fortel Kari.

Trass brot i vinter har det gått bra på sykkelturen. Dotter Kari trur det handlar om at mora har ein enorm «stå-på-vilje».

– Eg beundrar ho for det. Så det er nok ein av grunnane til at eg vil ha ho med på tur. Ho er ei som toler mykje og klarar å motivere meg også, seier Kari.

Gler seg til midnattssol

Dei to er ikkje heilt sikre på korleis dei kom på å reise på langtur på sykkel.

– Vi begynte vel berre å snakke om at vi skulle gjere noko spesielt. Skitur på Grønland har også vorte diskutert, men så fann vi ut at vi skulle sykle. Og i år passa det godt, fortel Signe.

Dei starta på Lindesnes og skal ende turen på Nordkapp. Håpet er å få oppleve midnattssola.

Spør etter mannen i huset

Undervegs møter dei også folk, både kjente og andre som synest det ser spennande ut det dei held på med.

– Kva om noko skulle skje med syklane undervegs, punktere til dømes?

– Nei, då får vi sjå på Youtube kva vi skal gjere, spøkar Kari.

– Eg trur eg hadde gått opp til næraste hus og spurt om mannen i huset var heime, ler Signe.

Etter 60-årsfeiringa i dag går turen vidare i morgon.

– Eg merkar eg begynner å bli rastlaus etter å kome på sykkelen att. Det skal bli godt, seier Kari.