Lensmannen meiner at mannen ikkje kan jobbe som dørvakt på grunn av ein tidlegare narkotikadom, og har bede arbeidsgjevaren kvitte seg med han.
– Trakassering
– Eg kjenner det som rein trakassering og forfølging. Når ein fyrst prøver å gjere noko fornuftig så møter masse motgang og blir sett tilbake i driten, seier mannen, som vil vere anonym.
Mannen har tidlegare vore dømd for narkotikalovbrot. No er straffa ferdig sona, og han har fått seg jobb ved ein utestad i distriktet. Men det likte lensmann i Høyanger Olav Hellebø så lite at han gjekk til arbeidsgjevaren og sa at han ikkje ønskte å ha dei der.
Rundskriv
Bakgrunnen for Hellebø si handling er eit rundskriv som gir politiet høve til å vurdere om vakter er godt eigna i jobben.
Det har ikkje vore vanleg praksis i Sogn og Fjordane at politiet godkjenner vaktene.