Hopp til innhold

Dørfabrikk taper store pengar

Dørfabrikken Dooria tapar mange titals millionar kroner.

Dooria i Årdal

FABRIKKEN: Dooria sitt anlegg i Årdal. Fire av dei 41 tilsette har vore permitterte sidan 1. august.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsrekneskapen for 2009 syner at Dooria i både Utvik og Årdal tapar mange titals millionar kroner. Det står i skarp motsetnad til optimismen som råda då Årdalsfabrikken opna i 2007.

LES OGSÅ:

Tapte 53,5 mill i fjor

Ei dør vart slipt til for å markera opninga av Dooria i Årdal for snart tre år sidan. Den høgtidlege opninga markerte ein ny giv for omstillingskommunen Årdal. Men no tapar Dooria store pengar.

Årsresultatet for Dooria i Utvik i 2009 var minus 21 millionar kroner, medan årdalsfabrikken gjekk 32, 5 millionar kroner i minus.

Årsrekneskap for Dooria

Årsresultat

Årdal

Utvik

Dooria AS

2008

-1,6 mill.

- 10 mill.

- 29 mill.

2009

- 32,5 mill.

- 21 mill.

- 73,5 mill.

Kjelde: Brønnøysundsregistra

Viser til nedskrivingar

Resultatet må bli betre, vedgår den nyvalde styreleiaren i Dooria Årdal.

– Eg trur det er viktig å ta med seg at 2009-tala for Dooria Årdal inneheld ekstraordinære nedskrivingar som vart gjort i samband med eigarskifte. Dette må sjåast på som ein effekt som går over fleire år historisk, slik at resultet gir nok eit overdrive negativt bilete. Men tala talar for seg, seier styreleiar Christian Sørum.

Han ønskjer ikkje å kommentere 2009-tala ytterlegare.

Permitteringar og dårleg likviditet

I tillegg til at fabrikken tapar store pengar, gjekk fem leiarar på hovudkontoret til Dooria i Stryn frå stillingane sine i sommar. Dessutan vart fire tilsette permitterte frå august av på årdalsfabrikken.

Verksemda har også slite med likviditeten. Utvikfabrikken har lågast moglege kredittverdigheit i følgje ei kredittvurdering frå Lindorff.

Både årdalsfabrikken og morselskapet har nest lågaste kredittverdigheit. I vår gjekk Credo Partners inn som majoritetseigar av Dooria, og 60 millionar kroner i friske midlar vart tilført.

– Skal gjere selskapet lønsamt

Sørum, som også er tilsett i Credo Partners, meiner det redda kredittsituasjonen inntil vidare.

– Både Dooria-konsernet og Dooria Årdal har no positiv eigenkapital, seier styreleiaren ved Årdal-fabrikken.

Han meiner også eit pågåande forbetringsarbeid vil kunne føre til lønsam drift i Årdal.

– Dette går på kostnadsreduksjonar, arbeid for å auke volumet - mellom anna gjennom å selje til nye kundar, og generelle effektiviseringar og forbetringsprosessar. Dette er ein plan som skal bidra til å gjere selskapet lønsamt, seier Christian Sørum.