Døra og delar av golvet rive bort i bussulukke – politiet dukka ikkje opp

– Ei klar feilvurdering, seier politileiar Arne Johannesen etter trafikkuhellet ved Dispen i Stryn førre måndag. No vedgår politidistriktet feil.

Buss køyrde av vegen

SJOKKERTE PASSASJERAR: Dei 55 passasjerane opplevde at busen skar ut av vegen, hoppar over ein stikkveg og køyrde ut på eit jorde.

Foto: Reidar Nesje

Bussdøra og delar av golvet vart rive av då livredde passasjerar kjende at bussen skar ut av riksveg 15, hoppa ut på ei grasmark og stoppa først etter 138 meter.

Men politiet dukka ikkje opp før fleire timar etterpå.

– Dette var ein situasjon der lokalt politi heilt klart burde vore varsla, slik at ein kunne rykkje ut. Det var trass alt ein buss med over 50 passasjerar og eit stor skadepotensial, seier Arne Johannesen som er einingsleiar for politiet i Sogn og Fjordane.

Varsla ikkje lokalt

Den tidlegare leiaren i Politiets Fellesforbund på landsplan meiner det er viktig å kome i gang med etterforskingsarbeid så fort som mogleg.

– Det er svært viktig med avhøyr og sikring av bevis umiddelbart etter denne type hendingar, seier han.

Arne Johannesen i mobiltelefon

FEILVURDERING: Det var heilt klart ei feilvurdering at ikkje lokalt politi var varsla i samband med bussulukka i Stryn måndag sist veke, seier Arne Johannesen, einingsleiar for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Sidsel Avlung / NRK

Bussjåføren varsla politiet sin operasjonssentral i Bergen, men varselet vart aldri sendt vidare til lokalt politi. Rådville vart dei 55 passasjerane om bord i Møreekspressen overlatne til seg sjølve i kring ein time før ein ny buss frakta dei vidare mot Ulsteinvik.

Sjokkert over politiet

Buss utforvegen ved Dispen i Stryn

KØYRDE UT: Politiet sine oppmålingar viser at bussen køyrde 138 meter etter at den køyrde av vegen, hoppa over ein stikkveg og stoppa langt ute på eit jorde.

Foto: Reidar Nesje

– Det var ei forferdeleg oppleving. Det buldra og rista kraftig i bussen før den slo hardt ned i bakken. Det var hyling og totalt kaos, seier busspassasjer Tove Stavem Reite til avisa Fjordingen.

Sjølv var ho til lege med smerter i nakken etter hendinga. Ho er sjokkert ovar at verken politi eller ambulanse dukka opp.

– Vi vart ståande sjokkerte ute på jordet, seier ho til lokalavisa.

Vedgår feil

Einingsleiar ved Vest politidistrikt i Bergen, Morten Ørn, vedgår at lokalt politi burde vore varsla.

– Vi går gjennom saka på operasjonssentralen, og ser om vi tok imot meldinga frå bussjåføren på ein god nok måte og om det vart stilt tilstrekkeleg med kontrollspørsmål, seier han.

– Men korleis kunne det skje at politiet ikkje blir kalla ut når det skjer ei bussulukke med 55 passasjerar?

– Vi fekk melding om at ein buss hadde køyrd av vegen, men fekk vite at det ikkje var personskade. Vi ser i ettertid at lokalt politi burde vore varsla, slik at etterforskinga kunne starta tidlegare.

Han håper på ei presisering av regelverket slik at lokalt politi alltid må varslast ved slike hendingar.

Uavklart kva som er årsaka

Politibetjent Kurt Hammerø i Stryn fortel at etterforskinga vart krevjande fordi politiet ikkje rykte ut på staden medan dei involverte framleis var der.

– Alle passasjerane var frakta vekk frå staden då vi var der. Dermed måtte vi få tak i vitne i ettertid. Det gjorde etterforskinga vanskelegare, seier han

Så langt har ikkje politiet konkludert med kva som var årsaka til den dramatiske utforkøyringa.

  • I ei tidlegare utgåve av denne saka kunne det bli oppfatta at politiet ikkje rykte ut til ulukka. Politiet kom til staden, men først etter at alle dei involverte var vekke.