NRK Meny
Normal

Dømt til 120 dagar i fengsel for smugling

Ein polsk mann er i Fjordane tingrett dømt til 120 dagar i fengsel for å ha smugla store mengder alkohol og tobakk, samt skaffa falske skilt til ein bil.

Smuglarvarer i Førde

SMUGLARVARER: Øl, sprit og tobakk som fann seg i bilen politiet stoppa i Førde 20. juni.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Den polske mannen har erkjent å ha smugla store mengder alkohol og tobakk til Noreg. 20. juni vart bilen stoppa av politiet i Førde. I tillegg til beslaget i bilen, kom politiet over enno eit parti smuglarvarer på ei adresse mannen disponerte i Førde.

Står fram som organisert

I tida før 20. juni innførte mannen varene frå Polen via Sverige til Førde. Han er dømd for å ha smugla 984 liter sterkøl, 55 liter sprit og 6000 sigarettar. Det skulle vore betalt tollavgifter på nærare 99 000 kroner for varene. Smuglinga blir straffa med 120 dagar i fengsel.

Mannen er ifølgje retten hovudmannen bak smuglinga. Han stod bak organiseringa av innførselen, skaffa varene, samt var sjåfør i følgjebilen under transporten.

Aust-europearen erkjente forholda og er dømd for eit grovt brot på tollova. Retten har også vektlagt at smuglinga står fram som organisert.

Mistar førarretten i to år

29-åringen er også dømd for å ha skaffa falske skilt på ein bil som var i bruk i Førde. Difor er mannen fråteken køyreretten i Noreg i to år.

Politiet inndrar varene som vart beslaglagt i bilen, samt varene som bart beslaglagde på ei adresse den sikta disponerte i Førde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser