Mest negativt er resultatet for produksjonen av frosne filetprodukt i Måløy. No vurderar verksemda å trappe ned aktivitet, seier konsernsjef Rolf Domstein.
- Vi har førebels gått over til eittskifts drift på fabrikken i Måløy, ved at dei tilsette jobbar annakvar veke. I løpet av mars skal vi ta stilling til kva aktivitetsnivå vi skal ha vidare framover, seier konsernsjefen.
Konkurranse frå Kina øydelegg
Rolf Domstein gir høge råstoffpriser, politisk uro i Ukraina og lågare dollarkurs mykje av skulda for det dårlege resultatet. I tillegg har Domstein fått dårlegare betalt for kvitfiskprodukt.
Mest negativt er resultatet for produksjonen av frosne filetprodukt i Måløy. Der har sterk konkurranse frå Kina ført til lågare prisar i ferdigvaremarknaden. Dette har ført til ein kraftig lageroppbygging i fjerde kvartal, og varelageret er skrive ned med ein verdi på 16 millionar kroner.
Lite å tene på sild og makrell
Også i det største området til Domstein, sild og makrell, har resultatet vore dårlegare enn venta. Stor konkurranse om råstoffet har ført til små marginar mellom innkjøp og sal.
Ervik Havfiske går betre
Drifta av Ervik Havfiske, som Domstein eig 50 prosent av, har hatt ei positiv driftsutvikling, men nedskriving av fartøy som opererer i utlandet har ført til negativt resultat.
Pila opp i Fjord
Domstein sin eigardel i Fjord Seafood har i 2004 synt kraftig resultatbetring. Enorme underskot der har dei siste åra hatt kraftig negativ innverknad på Domstein-resultata.