Hopp til innhold

Domstein vedgår feilsatsing

Konsernsjef Rolf Domstein vedgår at filetfabrikken på Trollebø i Måløy burde vore avvikla for mange år sidan.

Rolf Domstein

ETTERPÅKLOK: Rolf Domstein, konsernsjef i Domstein-konsernet, seier han i etterpåklokskapens namn ser at satsinga på Trollebø i 1993 var feil. I dag orienterte han kring 90 tilsette om at dei misser jobben ved filetfabrikken.

Foto: Håvard Holme / NRK

Domstein-konsernet sitt vedtak om å leggje ned filetindustrien på Trollebø kom i dag som eit sjokk på kystsamfunnet.

Konsernsjef Rolf Domstein hadde sjølv den lite ærefulle jobben med å orientere dei kring 90 tilsette som misser jobben.

– Mange reagerte veldig tungt. Ein kan ikkje la vere å ta slikt innover seg. Det gjeld mykje folk og det er sterke reaksjonar. Ein blir påverka og rørt ved av det, seier han og vedgår at dagen i dag har vore hans verste dag på jobb nokosinne.

– Dreiv på overtid

Det børsnoterte konsernet har sidan 90-talet vakse seg til eitt av dei største fiskeriselskapa i verda innan sild og makrell. Men sidan verksemda hadde kring 250 tilsette på Trollebø i 2005 har konsernet gått igjennom turbulente tider.

Domstein vedgår at filetfabrikken i Måløy vart driven på overtid dei siste åra.

– Då vi reduserte frå 250 til 100 tilsette i 2005 trudde vi at vi kunne klare å drive i mindre målestokk og få lønnsemd i det. Mange meinte allereie den gong at vi burde lagt ned. I ettertid kan ein sikkert seie at det var rett, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 85 personar mistar jobben

SJÅ TV-SAK: 85 personar misser jobben i Måløy.

– Ikkje lengre fiskehovudstad

I Måløy trudde folk på gata knapt sine eigne øyre då nedleggingsmeldinga kom i dag tidleg. Gjennom filetindustrien på Trollebø taper Vågsøy kring 90 heilårs arbeidsplassar i fiskeindustrien.

Domstein har vedteke å avvikle produksjonen av torskefilet på Trollebø, og har inngått avtale med det danske firmaet A. Espersen om overtaking av produksjonen. Dei driv produksjon av kvitfisk mellom anna i Polen og Litauen.

Frå før har Norway Pelagic flytta kontoret frå Sogn og Fjordane til Sunnmøre .

– Vi kan vel ikkje rekne oss som hovudstad lengre. Det er vi for små til. Klippfisken er ikkje i funksjon her lengre, så det byrjar å minke, seier ein NRK møter på gata.

Mykje har endra seg

I etterpåklokskapens namn vedgår Domstein at satsinga på Trollebø var feilslått.

– Samanlikna med no hadde vi vesentleg betre råstoffgrunnlag, vi hadde god tilgang på både fersk og frose råstoff av både norske og russiske båtar. Vi hadde marknad der Norge var hovudleverandør og hadde ikkje konkurranse frå Aust-Europa og Kina, seier konsernsjefen.

Filet i Kalvåg

Domstein har gått inn samarbeid med Brødrene Larsen i Kalvåg om seifiletproduksjon.

I første omgang kan det gi 30 sesongarbeidsplassar, og kanskje heilårsarbeidsplassar på sikt.

– Vi diskuterer også med folk som vil ta over lokala på Trollebø og som vil drive med fisk der. Det vil ikkje bli like mange arbeidsplassar, men nokre bør det kunne bli, meiner han.

Nisje på Trollebø?

– Kor realistisk er det når ein veit at Domstein, med seie lange røynsle, ikkje får det til å gå rundt?

– Det er plass i Norge for mindre nisjeverksemder som satsar på mindre marknader, marknader for spesialprodukt og så vidare. Det er også mogleg å drive produksjon med meir automatisering enn vi har gjort i dag, men noko tradisjonell arbeidsintensiv industriproduksjon trur eg ikkje har noko framtid, seier Domstein.

– Framleis store

Domstein sine største arbeidsplassar ligg no i Sverige med kring 150 tilsette i Lysekil og Kungshavn. I tillegg er Domstein-konsernet ein av dei største eigarane i Ervik Havfiske, som har mellom 400 og 500 tilsette.

Samstundes er Domstein-konsernet ein av hovudeigarane i Naustvik Enghav med over 200 tilsette ulike stader. Domstein har også verksemd på Raudeberg og i Trondheim.

– Det er framleis mykje aktivitet knytt til fisk og verksemder som går bra. Vil prøve å medverke til nyetablering dersom mogleg, seier Domstein.

Dramatisk for Vågsøy

Morten Hagen

DRAMATISK: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen. Arkivfoto.

Foto: Thomas Hagen

Arbeidarane tok sjølve meldinga i dag tidleg så tungt at heller ikkje dei tillitsvalde orka å snakke med media.

Ordførar Morten Hagen i Vågsøy vedgår at det er dramatisk for kommunen å tape 90 arbeidsplassar i fiskeindustrien.

– Opp mot 90 arbeidsplassar betyr mykje for ein kommune som Vågsøy. Vi må gjere vårt beste for at det ikkje får for store følgjer, seier han og legg til at kommunen no skal i dialog med fylkeskommunen, NAV og Domstein for å sjå etter løysingar for dei som misser jobben.