Aksjekursen var fem kroner aksjen, og med den gode kursen kjem Domstein ut av handelen med eit overskot på nokre titals millionar i høve til då dei kjøpte seg inn i Fjord Seafood.
Minoritetseigar
Rolf Domstein
Domstein var etter kvart blitt minoritetseigar i Fjord Seafood med 15 prosent av aksjane. Konsernsjef i Domstein ASA, Rolf Domstein, seier årsaka til salet var at dei ikkje lenger hadde påverknad utanom å være finansiell aktør.
Med dette salet har Domstein seld seg heilt ut av all lakseoppdrettsverksemd. Dei skal no bruke den frigjorde kapitalen til å styrke resten av verksemda