NRK Meny
Normal

Domstein tener meir pengar

Domstein-konsernet hadde i fjor eit resultat før skatt på vel 180 millionar kroner som er 250 millionar betre enn året før.

Konsernet betra resultatet for samtlege forretningsområde.

Domstein Pelagic hadde råstoff-rekord i fjerde kvartal i fjor på grunn av god haustsesong for sild. Driftsresultatet for heile året var 57,6 millionar kroner før avskriving, omlag det doble av året før.

Domstein Enghav auka produksjonen i fjor med 24 prosent etter satsing på fersk fisk i Norge og Sverige. Frosenfiskproduksjonen trekker imidlertid ned resultatet som likevel er på fire millionar kroner pluss før avskriving. Året før var det nær fem millionar i minus.  

Ervik Havfiske hadde rekordfiske i fjor og dobla driftsresultatet før avskriving frå 30 til nær 60 millionar kroner. 

Summen for heile Domstein ASA vart eit resultat før skatt på 182 millionar kroner - heile 250 millionar meir enn i 2004.

 

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.