Hopp til innhold

Domstein skuldar 50 millionar

Ein gong var Domstein mellom fiskerinæringa sine mektigaste konsern. No skuldar verksemda 50 millionar kroner.

Arbeid med ei merde ved Domstein i Måløy
Foto: Ottar Starheim / NRK

Mykje tyder på at 2012 blir nok eit tøft år for brørne Rolf, Gunnar og Knut Magne Domstein og konsernet deira, skriv Finansavisen onsdag.

Har gjeld på 50 millionar kroner

Sommaren 2010 måtte Domstein ASA selje dotterverksemda Norway Pelagic til Austevoll Seafood for å dekkje inn gjeld. Men det var ikkje nok til å fjerne familien si gjeldsbyrde for godt.

Framleis har R. Domstein & co. gjeld til ulike kreditorar på 50 millionar kroner, inkludert obligasjonsgjeld på 25 millionar kroner som går til forfall i desember.

Finansavisen konkluderer med at den tradisjonsrike Måløy-verksemda er i ferd med å smuldre bort.

Vil ikkje selje familieselskapet

Det er heller inga hjelp å hente frå drifta, som gjekk med 7,6 millionar kroner i underskot per tredje kvartal i 2011.

Omsetnaden var i 2005 på 1,7 milliardar – i dag skal dette vere redusert til halvparten.

Overfor Finansavisen avviser Rolf Domstein at det er aktuelt å selje Domstein.