Onsdag kom meldinga om at Domstein Enghav kjøpte fiskegrossisten Reinhartsen i Kristiansand. Berre eit døgn etterpå kjem altså meldinga om at Domstein har kjøpt endå eit nytt selskap. Denne gongen er det Atmospack Kungshamn i Kungshamn i Sverige som får eigarar frå Måløy.
Veksande marknad
Det svenske selskapet produserer kjølt fisk og fiskeprodukt i forbrukarpakningar. Selskapet hadde ein omsetnad på 45 millionar svenske kroner i fjor.
- Marknaden for forbrukarpakka, kjølte fiskeprodukt er ungt og veksande. Kjøpet av Atmospack Kungshamn bidreg til at Domstein Enghav sikrar seg kunnskap, teknologi og kapasitet innan dette området. Det vil få mykje å seie for marknaden både i Sverige og Norge, heiter det i ei pressemelding frå Domstein Enghav.
Mange oppkjøpt
Måløy-selskapet har siste året kjøpt fleire bedrifter i Norge for å bli landsdekkande på distribusjon av fersk fisk og sjømat.