Hopp til innhold

Domstein går av som konsernsjef

Gunnar Domstein går av som konsernsjef i det største sild- og makrellselskapet i verda, Norway Pelagic. I staden startar Domstein i den nyoppretta stillinga som driftsdirektør.

Gunnar Domstein

GÅR AV: Gunnar Domstein sluttar i jobben som konsernsjef i Norway Pelagic.

Domstein har vore konsernsjef i Norway Pelagic sidan selskapet vart etablert i 2007. Selskapet ønskjer å skape større lønsemd, og har i den samband gjort utskiftingar i leiinga.

Tor Vikenes er tilsett som ny toppsjef. Han kjem frå leiarjobben i Hordafôr, skriv Bergens Tidende.

Styreleiar Sigurd Teige avviser at Domstein har gjort ein dårleg jobb som toppsjef i konsernet.

– Gunnar Domstein har gjort ein fabelaktig jobb frå 2007 og fram til no, seier Teige til NRK.no.

Teige seier avgjerda om at Domstein skal slutte i jobben som konsernsjef er gjort i samråd med styret og Domstein sjølv.

– Samtidig som Domstein har vore konsernsjef har han også hatt ansvar for drifta av anlegga til Norway Pelagic, og det har vore ein krevjande jobb, seier Teige til NRK.no.

Han viser til konsernet har blitt stadig større og no tel 15 anlegg.

– Vi ønskjer eit sterkare fokus på dei anlegga vi har, og har difor vald å opprette ei ny stilling som driftsdirektør. Domstein har solid erfaring i det å vere driftsleiar så difor har vi vald å la han gå over i den stillinga. Dei meir overordna tinga blir det konsernleiaren som skal ha fokus på, seier Teige.

Gunnar Domstein ønskte sjølv ikkje å kommentere saka til NRK.