Gunnar Domstein.
- Utvidinga vil auke sysselsetjinga med kring 20 årsverk. Det vil ikkje verte fleire tilsette ved bedrifta, men det vert jamnar aktivitet og meir stabil sysselsetjing. Utvidinga av produksjonen skal vere ferdig i september, seier administrerande direktør Gunnar Domstein i ei pressemelding.
Domstein Måløy produserer i dag berre rundfrosen sild og makrell. Auka tilgang på sild gjer at selskapet no også satsar på filetproduksjon.
- Vi tek no eit skikkeleg løft og utvidar for å verte ein meir framtidsretta og effektiv fabrikk, seier Domstein til NRK Sogn og Fjordane.
- Sikrar arbeidsplassane
Ordførar Roger B. Silden er på si side glad for at det endeleg er noko positivt å melde frå næringslivet i kommunen.
- Denne investeringa vil vere med å sikre arbeidsplassane. Eg håpar den også bidreg til å skape ny optimisme i samfunnet, seier Silden.