Hopp til innhold

Domstein avviklar filetproduksjonen

Domstein ASA i Måløy avviklar produksjonen av torskefilet på Trollebø. Det betyr at 90 tilsette misser arbeidet.

Domstein Trollebø
Foto: Ottar Starheim / NRK

Domstein ASA har inngått avtale med firmaet A. Espersen på Bornholm i Danmark om at Espersen skal overta filetproduksjonen. Espersen driv produksjon av kvitfisk mellom anna i Polen og Litauen.

LES OGSÅ: Hevdar 90 arbeidsplassar ved filetfabrikk i Måløy står i fare

LES OGSÅ: Domstein skuldar 50 millionar

Avtalen inneber at det ein gong så store og sterke Domstein-konsernet som ein gong hadde 700 arbeidsplassar no er kraftig redusert. Frå før har selskapet kutta ut sild og makrell og oppdrett, og no forsvinn altså filetproduksjonen frå Måløy.

"Meir konkurransedyktig"

I ei pressemelding skriv Domstein at dei inngår samarbeid med Espersen AS for å vere meir konkurransedyktig i marknaden. Domstein skal framleis selje produkta i den norske og svenske marknaden.

Det er rekna med at Domstein med dette grepet betrar resultatet sitt med 5,9 millionar kroner årleg. I tillegg kjem ein eingongsgevinst på 10 millionar kroner i år. Filetproduksjonen på Trollebø skal ha gått med underskot i fleire år.

Konsernsjef Rolf Domstein seier at han er overtydd om at samarbeidet vil styrkje konkurransekrafta til begge selskapa.

Folk er lamslegne

Men på gata i Måløy er låten ein annan.

– Folk er lamslegne, rapporterer Harald Kolseth frå det som ein gong var fiskerihovudstaden på Vestlandet.

På Trollebø har både tilsette og leiing vore opptekne med informasjonsmøte måndag føremiddag, og dermed har ingen av dei vore å få i tale enno.

Morten Hagen

TUNG DAG: Ordførar Morten Hagen i Vågsøy.

Foto: Thomas Hagen

Ordførar Morten Hagen seier avviklinga av filetproduksjonen til Domstein er alvorleg for Vågsøy kommune.

– Det er tungt å høyre at 90 arbeidsplassar går tapt. Det er mange dette går ut over, og heile Vågsøy-samfunnet kjem til å merke det. Det har gått tungt i mange delar av produksjonen dei siste åra, slik eg forstår det er det økonomisk uforsvarleg å drive vidare, og at det er difor Domstein no legg ned produksjonen i Måløy.

– Kor godt er Vågsøy budd på å takle eit slikt tap av arbeidsplassar?

– No har vi vore gjennom omstillingar tidlegare, og vi har hatt ei positiv utvikling med oppretting av andre typar arbeidsplassar enn det som er direkte fiskerirelatert, og eg trur vi framleis vil vere omstillingsdyktige.

Ny verksemd i Kalvåg

Samstundes har Domstein ASA inngått ein samarbeidsavtale med Brødrene Larsen Eftf. AS i Kalvåg i Bremanger. Det inneber ny verksemd i Kalvåg, mellom anna produksjon av seifilet. Det vil i første omgang gje 20 nye sesongarbeidsplassar i Kalvåg.

I ei pressemelding skriv Domstein at desse arbeidsplassane med tida kan bli heilårsarbeidsplassar.