NRK Meny
Normal

Dommarar ugilde i sjukehussak

Sjukehusaksjonistane i Nordfjord vil ikkje la Fjordane tingrett handsame tvistesaka med Helse Førde. Tre av dommarane er allereie kjent inhabile i saka.

Nordfjord sjukehus og Fjordane tingrett

UGILDE: Tre av dei fast tilsette dommarane ved Fjordane tingrett er allereie kjent ugilde i rettsaka mellom Helse Førde og sjukehusaksjonen i Nordfjord.

Ortopeditilbodet ved sjukehuset på Nordfjordeid er vedteke nedlagt, men sjukehusaksjonen i Nordfjord har ikkje tenkt å la det skje.

Dei har stemna Helse Førde for retten og Fjordane tingrett har sett av to dagar. Men den bitre sjukehusstriden i Sogn og Fjordane gjer at sjukehusaksjonistane meiner dommarane her har nær familie eller arbeidsforhold som gjer at dei ikkje vil kunne vurdere saka med nøytrale auge.

Tre av dommarane er no erklærte ugilde og det er difor uklart kvar saka skal gå for retten.

– Vi meiner det er grunnlag for å stille spørsmål ved dommarane sin habilitet i Fjordane tingrett. No er det slik at Gulating lagmannsrett allereie har funne at tre av dei fast tilsette dommarane er inhabile, seier Gerd Aaland Fagerlid som er advokat for aksjonistane.

Skulda for å ha manipulert fakta

Svein Hansen

VIL KJEMPE: Svein hansen som er leiar for sjukehusaksjonen i Nordfjord har ikkje gitt opp kampen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Styret i Helse Førde har med regjeringa si velsigning vedteke å leggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus . Debatten har rasa og sjukehusaksjonen i Nordfjord har mellom anna hevda at Helse Førde har manipulert fakta.

Dei har difor bestemt seg for å gå rettens veg for å tvinge helseføretaket til å oppretthalde ortopeditilbodet ved lokalsjukehuset.

Også blant politikarane har debatten rasa. Alfred Bjørlo (V) som nyleg vart vald til ordførar i sjukehuskommunen Eid, har kritisert sentrale politikarar for å ikkje ha god nok geografikunnskap.

Mellom anna skal statsminister Jens Stoltenberg ha sagt at ny veg til Volda vil gi kortare reisetid for befolkninga i Nordfjord. – Heilt absurd, rasa Bjørlo den gong.

Fryktar saka er tapt i Fjordane tingrett

Etter planen skal rettssaka mellom sjukehusaksjonen og Helse Førde starte den 21. november i Fjordane Tingrett. Her skal retten ta stilling til om Helse Førde sitt vedtak om å framskunde nedlegginga av ortopedien ved Nordfjord sjukehus er gyldig eller ikkje.

Men dette er ikkje den einaste kampen sjukehusaksjonistane kjempar. Den bitre sjukehusstriden har splitta fylket, og mange har hevda at Helse Førde favoriserer sentralsjukehuset i Førde.

Når saka no skal gå for retten, kan ikkje det skje kor som helst meiner lokalsjukehusforkjemparane i Nordfjord. Aksjonistane fryktar nemleg at saka vil vere tapt om den kjem opp i nettopp Fjordane tingrett som ligg i Førde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordane Tingrett

UGILDE: Tre dommarar ved Fjordane tingrett er allereie kjende ugilde av lagmannsretten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bror, sambuar og vara i helseføretak

Gulating lagmannsrett har vurdert påstanden og gitt sjukehusaksjonen i Nordfjord medhald i at tre av dommarane ved tingretten er ugilde.

Sorenskrivar Terje Mowatt er bror til styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt. Bjørn Gunnar Sælen er vara for leiaren i ein kontrollkommisjon under Helse Førde, medan Gunhild Grove er sambuar med nyvald ordførar i Førde, Olve Grotle.

Tingrettsdommar Ida Bøen og konstituert tingrettsdommar Monica Kjelsnes er begge kjende gilde av lagmannsretten. Men denne avgjerda har aksjonistane kravd omgjort.

– Vi har opplysningar på at den fjerne kan vere inhabil, difor har vi også bede lagmannsretten sjå på det spørsmålet på nytt. Den konstituerte dommaren meiner vi også bør vere inhabil, på bakgrunn av at dei fire faste dommarane er inhabile, seier Aaland Fagerlid.

Vedtaket er venta i neste veke.

(Artikkelen held fram under biletet)

William H. Singer jr.

GÅVEBREV: William H. Singer jr. gav i si tid Nordfjord sjukehus i ei gåve til det offentlege. Føresetnad i brevet blir no tema i rettsaka mellom Helse Førde og sjukehusaksjonen i Nordfjord.

Gåvebrev sentralt argument

Når partane møtest i rettssalen vil det såkalla Singerbrevet vere eit av dei sentrale argumenta. William Henry Singer jr. var ein amerikansk mangemillionær. Han var arving til Singer-konsernet, som mellom anna tente seg rike på sal av symaskiner.

Gåvebrevet frå Singer har også tidlegare vore brukt som eit viktig argument frå dei som kjempar for å behalde tilbodet ved sjukehuset i Eid.

I 1950 gav den private Singer-stiftinga Nordfjord sjukehus til det offentlege. Men føresetnaden i gåvebrevet var at ei ideell stifting skulle få overta drifta av sjukehuset dersom det blir lagt ned av det offentlege.

Helseministeren har tidlegare sagt klart nei til privat sjukehusdrift i Nordfjord, men dette spørsmålet vil no bli teke opp i retten.

– Må gje sjukehuset vekk gratis

Førsteamanuensis Hilde Hauge ved Universitetet i Bergen har tidlegare sagt at Helse Førde må gje sjukehuset i Nordfjord gratis vekk om dei vel å leggje det ned.

I gåvebrevet frå 1950 står det mellom anna:

Skulle sykehusets drift i fremtiden måtte legges ned av hensyn til rasjonell og betre sykebetjening innen fylket, er fylkeskommunen forpliktet til å nytte eiendommen i avdøde Willaim H. Singers og hustru Anna B. Singers ånd, til bedring av forholdene i distriktet, såvidt mulig til formål av humanitær art.

Vidare heiter det at:

For å treffe beslutning om nedleggelse av nedleggelse til annet formål, skal det undersøkes om Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening eller lignende institusjoner er villige til å overta den fremtidige frift av sykehuset som sådan.

Gåvebrevet frå Singer i 1950

I og med at Nordfjord sjukehus vart overteke av staten ved Helse Førde i 2001, er det Helse Førde og fylkeskommunen som blir forplikta av gåvebrevet, meiner Hauge.

I tillegg til gåvebrevet frå Singer vil også brot på både forvaltningslova og helselovgjevinga blir sentrale argument for sjukehusforkjemparane.

– Vi ønskjer å stogge avviklinga av ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus, seier Aaland Fagerlid.

– Ok at saka vert flytta

Helse Førde har frist til torsdag 27. oktober med å kome med sine innspel i høve til gilde og ugilde dommarar ved Fjordane tingrett.

Advokat for Helse Førde, Trond Hatland seier til NRK at helseføretaket ikkje har noko i mot at saka vert flytta til ein annan likestilt domstol.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser