NRK Meny
Normal

Dommar-helten: «Berre ro ned, dette går bra»

Kva gjer at ein dommar set seg ned og held rundt ein spelar? Sureskumar Kathiravel overraska og rørte alle ved å gjere nettopp det. Han kan ikkje forklare kvifor.

Alvorleg skade Stryn

ALT RAUK: Lårbein bak skinnebein, skinnebein føre lårbeinet, korsband, sideband og musklar rauk. Då ser det slik ut.

Foto: Stryn fotball

– Det kom frå hjartet, kanskje? Eg veit ikkje. Han skreik av smerte, seier Kathiravel.

Nokre skader er meir alvorlege enn andre. I yttarste enden av skalaen finn du krøplande skader, som den Are Njøten pådrog seg i 5. divisjonskampen mellom Stryn 2 og Førde 3.

– Han takla ein motspelar, slik at motstandarden fall over han. Eg dømte frispark mot han, og sprang nærmare. Han sa «det skjedde noko i kneet», forklarar Kathiravel om situasjonen.

– Berre ro ned, ikkje beveg deg for mykje

Røntgen

TRAFIKKULUKKER: Njøten er sjølv fysioterapeut, og seier slike skader helst skjer når store krefter er involvert, som trafikkulukker.

Foto: Privat

At det skjedde noko, kan i etterkant trygt kallast ei underdriving.

Kneet var totalt ute av ledd, lårbeinet bak skinnebeinet, skinnebeinet føre lårbeinet, korsband, sideband og musklar rauk, og ei nerve nede i foten er øydelagd: Njøten veit først om eit halvt år om han nokon gong vert heilt frisk.

Det visste Kathiravel ingenting om då han raskt kalla lagleiaren til Stryn inn på banen og bad andre om å ringe ambulanse. Han visste berre at det var alvorleg.

– Eg følte med ein gong at eg berre måtte støtte han. Eg sat meg ned, heldt han mot meg, og sa «berre ro ned», «dette går bra» og «du må ikkje bevege deg for mykje». Eg heldt han til brystet og snakka med han.

Og slik sat 49-åringen i 15–20 minutt, utan å sleppe taket.

Are Njøten

HELDT FAST: Også når ambulansepersonell var på plass for å hjelpe den skadde, heldt dommaren fast i grepet rundt han.

Foto: Stryn fotball

Årlege opplæringar med helsevesenet?

– Det er unikt å vere så på, og så til stades. Eg har dømd fotballkampar i 30 år og aldri høyrt om eller sett liknande, seier leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Robert Endestad.

Kathiravel var tidleg i 20-åra då han kom frå Sri Lanka til Nordfjordeid og Norge i 1986. Fotball har alltid vore ein del av livet: Frå kompisfotball i barndomen i heimlandet, til Old Boys fotball på Vestlandet og til dommarkurset i 1999.

No har han dømt kampar sidan år 2000.

– Vi har lært av kretsen om alvorlege og livstruande skader. For fem år sidan hadde vi eit kurs med helseapparatet i Førde, seier Kathiravel.

Nettopp slike kurs har Endestad lyst på fleire av. Det stod ikkje om liv den dagen Njøten sitt kne vart øydelagd, men det kan det plutseleg gjere på ein annan bane, ein annan stad i landet.

– Vi vurderer årlege opplæringar med helsevesenet for dommarane våre. Kanskje burde det også vere del av trenar- og dommarutdanninga, slik at alle i fotballfamilien kan bidra. Vi vurderer å spele det inn for fotballforbundet sentralt, seier kretsleiaren.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser