Domfelt over 50 gonger, no må 52-åringen i fengsel igjen

Den 52 år gamle mannen er domfelt meir enn 50 gonger tidlegare. No må han nok ein gong i fengsel, denne gongen for innbrot og tjuveri og bruk av narkotika.

Fjordane tingrett 9

I desember 2013 tok mannen seg inn i Hydro sitt administrasjonsbygg i Høyanger ved å knuse ei rute. Deretter tok han seg inn i kontorlokala ved å knuse ei dørrute og vri om låsen.

Så stal han 18.962 kroner i kontantar, to bankremisser på 10.000 og 2.000 kroner, samt to kredittkort.

I mars oppbevarte han om lag 21 Vivaltablettar, 18 Lyricatablettar, 14 Subutextablettar, 16 Suboxone og 10 Sobriltablettar.

Same dag brukte 52-åringen Subutex og hasj.

Knuste rute på taket

Dagen etter tok han seg, saman med ein annan, inn i Psykiatritenesta sine låste lokale i Høyanger kommune ved å knuse ei rute på taket.

Vidare braut han seg inn i medisinskap der han stal 28 Subutextablettar, 10 Lyricatablettar, 12 Suboxone, 14 Ritalintablettar, 10 Sobriltablettar, samt åtte ampullar Cisordinol Depot.

Mannen tilstod det heile i Fjordane tingrett, og at tilståinga er rett, vert styrka av ei andre opplysningane i saka.

Mellom anna gav blodspor på åstaden treff på mannen sin DNA-profil.

Dømd for vinningskriminalitet tidlegare

I straffeutmålinga la retten vekt på at begge dei to tilfella av grovt tjuveri kvar for seg kvalifiserte til fengsel utan vilkår, og at forholda syner ein manglande respekt for andre sin eigedom og fører til ei monaleg ulempe for dei som vert utsette for slikt brotsverk.

Retten la også vekt på at kvantumet av tablettar var av eit slikt omfang at det ligg føre ei viss fare for spreiing, og at dei allmennpreventive omsyna veg tungt.

Mannen er domfelt over 50 gonger tidlegare, i det vesentlege for kriminalitet knytt til vinning og narkotika.

Må betale erstatning

Siste dom er frå 7. juni i fjor, der mannen vart dømd til 11 månadar fengsel. Denne dommen skal han sone i juli 2014.

Retten fann det difor passande å setje fengselsstraffa til ti månader fengsel, der fire av desse er gjort på vilkår.

I tillegg er mannen dømd til å betale 18.962 kroner i erstatning til Høyanger kommune og 12.519 kroner i erstatning til Hydro Aluminium Høyanger.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.