NRK Meny

Domfelt for uprovosert vald

Ein tidlegare ustraffa sunnfjording i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 120 dagar for uprovosert vald. Det var etter skjærgardstreffet i Askvoll i fjor at mannen slo og påførte ein annan nasebrot og skade som følgje av nakkesleng. Mannen hugsa sjølv lite frå hendinga, men erkjende straffskuld. Han må også betale 11.000 kroner i erstatning.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.