Hopp til innhold

Domfelt 45 gonger - no ventar han på sin neste

Mannen i 40-åra vart sett fri frå fengsel sist veke. To dagar etterpå braut han lova igjen.

Fjordane tingrett

VARETEKT: Mannen må sitje fire veker i varetekt, det avgjorde Fjordane tingrett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sunnfjordingen har blitt ein gjengangar i rettssystemet. Ikkje mindre enn 45 gonger tidlegare er han dømd for straffbare forhold.

Før helga vart mannen sett fri frå fengsel etter sin siste dom. Men tida utanfor fengselsmurane skulle bli kortvarig. To dagar seinare var mannen pågripen av politiet.

Dei tok beslag i amfetamin, hasj og rivotril. Ei urinprøve viste at mannen hadde brukt narkotika og medikament.

– Manglande evne og vilje

Politiet kravde at mannen vart varetektsfengsla, noko retten fann riktig. Under behandlinga av saka i Fjordane tingrett viste retten til at det er svært sannsynleg at han vil bryte lova på nytt om han ikkje blir sett bak lås og slå.

Det vart vist til forhistoria hans, som tel 45 dommar, hovudsakleg for vinnings- og narkotikalovbrot.

Retten meiner sunnfjordingen viser manglande evne og vilje til å late vere å bryte lova. Det blir mellom anna vist til at mannen i vår stod for eit grovt tjuveri berre ni dagar etter at han vart sett fri frå fengsel. I fjor haust skjedde det same, då gjorde han seg skuldig i skadeverk og grovt tjuveri høvevis ein og tre dagar etter han kom ut frå fengsel.

Tingretten meiner det er ein samanheng mellom at mannen rusar seg og at han gjer seg skuldig i vinningskriminalitet.

Fire veker

Mannen sin forsvarar tok til orde for at mannen måtte sleppe varetektsfengsling. Han bad om at sunnfjordingen i staden fekk arbeide i tiltak og fekk utlevert medisin. Moglegheita for at mannen kan arbeide i tiltak er derimot ikkje endeleg avklart, og det er usikkert kor tid eit slikt arbeid kan starte opp.

Sidan mannen tre gonger på kort tid har gjort seg skuldig i lovbrot etter at han er sleppt fri frå fengsel, meiner retten at eit slikt alternativ uansett ikkje er godt nok. Dei bestemte seg difor for å varetektsfengsle mannen i fire veker.