Hopp til innhold

Dømd til to månadar fengsel for vald og trugslar

Ein nordfjording i 30-åra er dømt for vald, trugslar og ordensforstyrring etter ein krangel.

Dom i Borgarting Lagmannsrett.

Mannen sa seg ikkje skuldig i handlingane han var tiltalt for.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det var ein laurdagskveld i februar i år at krangelen skjedde. Den dømde mannen skal ha løfta ein anna mann og dytta han ned i ein sofa. Den dømde mannen heldt seinare fast haka til den fornærma og slo han i anletet.

I krangelen truga nordfjordingen den fornærma mannen fleire gongar, og sa mellom anna at han skulle «knuse trynet hans».

Den fornærma forklarte i retten at han vart redd for at mannen i 30-åra skulle oppsøke han igjen, og skade han.

Derfor vart mannen i mai tiltalt for trugslar, vald og for at krangelen forstyrra «den alminnelege fred og orden».

Han meinte han ikkje hadde truga eller vore valdeleg, og sa seg ikkje skuldig i handlingane han var tiltalt for.

Påtalemakta meinte at mannen skulle dømmast til fengsel i 60 dagar. Forsvararen til mannen meinte i retten at mannen måtte frifinnast, men retten meiner at det ikkje var nokre formildande omstender, og sette dommen til 60 dagar fengsel.

Mannen i 30-åra må òg betale sakskostnader på 4 000 kroner.