NRK Meny
Normal

Dømd til seks år fengsel for overgrep mot barnebarn

Ein mann er dømd i Fjordane tingrett til fengsel i seks år, for å ha forgripe seg på ei jente under 14 år, som er barnebarnet hans.

Mannen er dømd for å ha forgripe seg på jenta fleire gongar i løpet av eitt og eit halvt år. Han har éin gong forsøkt å ha samleie med jenta medan han heldt ho fast, noko som er forsøk på valdtekt, og utgjer fire og eit halvt år av dommen.

Han har òg ved fleire høve befølt jenta i underlivet, både med og utan klede.

Jenta fortalde om overgrepa etter at skulen ho gjekk på hadde eit undervisingsopplegg om incest og seksuelle overgrep. Etter undervisinga tok jenta kontakt med helsesøstera på skulen og fortalde om overgrepa.

Mannen nekta for dei fleste tilfella, men erkjende i retten at han har befølt jenta i underlivet med klede på, og fått jenta til å beføle han i underlivet med klede på.

Då politiet søkte gjennom eigedommen til mannen fann dei fleire skytevåpen som var oppbevart ulovleg. Dette vart han òg dømd for.

Mannen vart i tingretten dømd til fengsel i seks år. Han er òg dømd til å betale 200 000 kroner i erstatning til jenta.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå