Dømd til samfunnsstraff

Ein ung sogning er i tingretten dømd til 36 timar med samfunnsstraff for å ha sett seg sjølv og andre i fare. Mannen vart i august målt til 134 km/t i ei 80-sone i Sogndal. Den tidlegare ustraffa sogningen må gjennomføre samfunnsstraffa i løpet av 90 dagar. Han må også klare seg ti månader utan førarkort.