Hopp til innhold

Dømd til fire års fengsel

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i fire år for 12 bustadinnbrot og tre innbrotsforsøk i Sogn og Fjordane og Hordaland. Innbrotsraidet skjedde i februar og mars i år. Tiltalte har sete i varetekt sidan mars. Han erkjenner å ha vore sjåfør under innbrota, men hevdar han handla under press frå to andre. Begge desse har sidan rømt frå landet. Sogn og Fjordane tingrett legg vekt på at innbrota har vore ei sterk belastning for dei råka. Fleire har gitt uttrykk for at dei føler seg utrygge i sin eigen heim.

Saker som dette sprer frykt, prosederte politiadvokaten da mannen som er tiltala for 12 innbrudd i p
Foto: PRIVAT