Hopp til innhold

Sogning snylta ein million kroner på skatten - lurte vekk pengar i utlandet

Ein sogning er dømd til 8 månadar fengsel og ei bot på 150 000 kroner etter at han over fleire år snylta på skatten. Mannen er dømd for å ha lurt unna over ein million kroner.

Sogn tingrett

SNYLTA PÅ SKATTEN: Ein sogning har i fleire år unndratt skatt på til saman ein million kroner. Mannen har forklart at han ikkje var samd i det norske skattesystemet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ein mann i midten av sekstiåra er i Sogn Tingrett dømd til 8 månadar fengsel og ei bot på 150 000 kroner etter at han over fleire år ikkje betalte skatt. I alt er mannen dømd for å ha unndratt 1 095 763 kroner.

Sogningen er sjømann og skal ha jobba på utanlandske skip i fleire år. Han skal over fleire år også ha fått løn utbetalt til ein konto i utlandet. Unndraginga heldt fram då mannen budde i Norge.

Ikkje einig i norske skattereglar

Politiet fann bevis på skatteunndraginga då dei ransaka bustaden hans. Der fann dei opplysningar om mannen si inntekt på fleire lønsslippar.

Mannen skal ved to høve ha forklart seg til politiet på skatteundraginga. Han skal ha forklart politiet at han var djupt usamd i det norske regelverket om skatt. Mannen vedgjekk ikkje straffskuld for skatteundraging.

Skjerpande forhold

Retten finn det skjerpande at mannen har prøvd å skjule inntekta ved å la løna bli utbetalt til kontoar i utlandet. Sogningen har også latt vere å overføre pengar til norske kontoar, men heller betale med utanlandske kredittkort medan han var i Norge.

Etter at skattesaka vart sett under etterforsking og mannen vart meld for tilhøvet, har sogningen likevel fortsette å unndra skatt.

Mannen møtte ikkje i retten. Retten fann det i tråd med rettspraksis å dømme mannen til fengsel utan vilkår og bot.