Hopp til innhold

Dømd til fengsel for snapchatvideo

Ein mann i tenåra frå Sunnfjord er dømd til fengsel og bot for å filma to mindreårige som hadde samleie på ein privat fest.

Chat i gammel versjon

DØMD: Delte sexvideo - dømd til fengsel og erstatning.

Foto: Skjermdump / Snapchat

Hendinga fann stad i påska i 2017. Tiltalte har vedgått at han på ei tidspunkt hadde gått etter dei to fornærma, som hadde gått til eitt av soveromma der dei hadde sex.

Tiltalte opna døra og filma dei to medan dei hadde sex. Dei fornærma oppdaga filminga då dei såg blitslyset på mobilen.

Trass i at dei to fornærma i saka bad han om å ikkje dele bilete, har tiltalte vedgått at han like etter delt åtte sekund videoopptak via mobilapplikasjonen «Snapchat».

Det er usikker kor mange som har sett videoen, men dei to fornærma har blitt konfrontert av fleire i vennekretsen som mottok videoen frå tiltalte.

Tiltale har forklart handlinga med tankeløyse og at han var påverka av alkohol. Retten meiner likevel at han skal dømmast som edru, sidan alkoholrusen var sjølvforskyldt.

Retten finn det og skjerpande at dei fornærma bad han om å ikkje sende filmen vidare, og at han likevel gjorde det.

Mannen sa seg skuldig, og er dømd til betinga fengsel i seksti dagar og til å betale erstatning på 40.000 kroner.